Hopp til innhald

Studieplan - Lærarspesialistutdanning i kroppsøving 8.-13. trinn

Hausten 2018

Utdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet si satsing "Lærarspesialist". Dette er ein ny karriereveg i skulen som gir deg som lærar moglegheit til fagleg vidareutvikling med eigen skule som utgangspunkt. Vidareutdanninga er på masternivå, og kvalifiserer til funksjonen lærarspesialist i norsk grunnskule og vidaregåande skule (8.-13. trinn).

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten har

  • inngåande kunnskap innanfor sentrale fagspesifikke emne i kroppsøving som profesjon og i utvalde kroppsøvingsfaglige tema
  • inngåande kunnskap om funksjonen lærarspesialistrolla i kroppsøving på 8.-13. trinn
  • inngåande kunnskap om forskingsmetode og utviklingsarbeid med spesiell relevans for kroppsøvingsundervisning på 8.-13. trinn
  • Inngåande kunnskap om digitale verktøy, læreplanar, læreplananalyse, rettleiingsformer kroppsleg læring i danningsperspektiv og utviklingsarbeid innan vurdering for læring og djupnelæring

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • analysera og ta i bruk og vurdere pedagogisk og forskingsbasert kunnskap til å analysere og drøfte faglige problemstillingar i kroppsøving på 8.-13. trinn
  • analysere, planlegge, implementere og gjennomføre undervisningssekvensar i arbeid med rettleiing i profesjonsfellesskap
  • bruke relevante design og metodar innan forsking og faglig utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte
  • kommunisere om og rettleie kollegaer i utvikling av læreplanar, undervisning og vurdering for læring i kroppsøving på 8.-13. trinn
  • bruke ny og relevant fagleg kunnskap i kroppsøvingsundervisning og presentere ny kunnskap innan faglege tema i kroppsøving

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • anvende sine kunnskapar i eit profesjonsfellesskap for å bevisstgjere og vidareutvikle profesjonsfeltet gjennom å nytte sentral og relevant kunnskap og teori
  • bidra til relevant forsking og utviklings formidling og anvende sin kunnskap til innovasjon knytt til kroppsøving
  • kunne utvikle forskingsbaserte utviklingsprosjekt og formidle fagdidaktiske problemstillingar med spesialistar og ålmenta
  • gjennomføre læreplananalysar og kunne vere ein pådrivar ved implementering av læreplanar og profesjonsutvikling

Innhald

Målet er at studenten gjennom studiet skal utvikle kunnskap i kroppsøving og kroppsøvingsdidaktikk, tileigne seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i leiing og rettleiing i eit profesjonsfellesskap. Fagleg vidareutvikling innafor det å undervise i kroppsøving med utgangspunkt i ulike bevegelsesaktiviter, friluftsliv og elevar si motoriske og kroppslege læring, utvikling og danning er sentralt. Studentane skal arbeide med vitskapsbasert utvikling av undervisning, i studiet og på eigen skule. Studentane skal vere ressurspersonar i arbeid med kompetanseheving og samarbeid, noko som inneber profesjonsutvikling, forsking og utviklingsarbeid i kroppsøving, læreplananalyse og djupnelæring. Studiet skal gi studentane kompetanse i og erfaring med å vidareutvikle lærarspesialistrolla. Studiet ersamlings- og nettbasert med fire emne på 15 stp., til saman 60 stp. over fire semester. Samlingar og arbeidskrav i dei ulike emna er obligatoriske.

Oppbygging av studie

1.Lærarspesialisten, skule- og profesjonsutvikling

2.Lærarspesialistrolla i kroppsøving

3.Læreplananalysar og djupnelæring

4.Forsking og utviklingsarbeid i kroppsøving

Arbeidsformer

Studentane vil få varierte og studentaktive arbeidsformer som forelesingar med diskusjonar (i grupper og på tvers av grupper) på samlingar og på nett; arbeid med oppgåver (individuelt og i gruppe) og drøfting av kvarandre sine oppgåver. På samlingane vil det bli studentpresentasjonar (munnleg og skriftleg) der respons på medstudentar sine faglege bidrag vert sentralt. I eige miljø vil studentane gi undervisning til elevar 8.-13. tinn etter oppgitt tema, med påfølgande småskalaforedrag/speedpresentasjon og presentasjon av mindre vitskapelege undersøkingar i frå eigen skule knytt til eiga praktisk undervisning. Studentane vil måtte motta og gi respons på analysar av data og bidra i profesjonsfellesskap gjennom samarbeid med kollegaer på eigen og andre skular.

Vurderingsformer

Vurderingsform for kvart av studiets fire emne er beskrive i emneplanane.