Blide ingeniørstudentar jobbar med robotløysingar (foto)

Automatisering med robotikk | Førde

Bachelor

Vil du vere med å utvikle ny, spennande og berekraftig teknologi som formar framtida? Utvikling, drift og optimalisering av alt som skjer automatisk er kvardagen til ein automatiseringsingeniør.

Kvifor studere automatisering med robotikk?

Har du tenkt på korleis ein koffert blir transportert automatisk frå du legg den på rullebandet på flyplassen, til den hamnar i lasterommet på flyet? Eller korleis ein utviklar robotar som forenklar kvardagen til folk og fornyar arbeidslivet? Du har kanskje høyrt om autonome fartøy, og er nysgjerrig på korleis slike ting blir laga?

Som det ligg i namnet, handlar dette fagfeltet om å gjere prosessar og system automatiske. Automatisering er eit framtidsretta fag. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet og i ulike delar av næringslivet.

Effektive prosessar gir mindre sløsing og mindre forureining, noko som er ein føresetnad for å nå FNs berekraftsmål. Her er automatiseringsingeniøren ein viktig bidragsytar.

Dekker du ikkje opptakskravet?

Viss du har fagbrev, kan du ta den yrkesfaglege vegen (eller y-vegen). Her går du eit tilpassa løp og startar med mattekurs i juni. Les meir om y-vegen. 

Viss du har generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk så kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar matte på sommaren, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga. Les meir om TRES. 

Både y-vegen og TRES tar du på tre år, så du mistar ikkje noko tid!

Studere automatisering i Førde?

campus Førde får du tilgang til nokre av verdas mest avanserte robotar til undervisning og forsking, og eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø som jobbar tett saman med næringslivet om studentoppgåver og sommarjobbar.

Automatisering med robotikk kan du studere på heiltid i Førde, Bergen og Haugesund. 

Studentjobb i Førde

Gjennom prosjektet studentjobb kan du skaffe deg relevant deltidsjobb mens du studerar. 

Thor Erling Thorbjørnsen valde Y-vegen til ingeniørstudiet i Førde. Då kunne han ta realfaga han mangla parallelt med studiet.

Ulike typar elektroingeniør

Automatisering med robotikk er ein av spesialiseringane du kan velje som elektroingeniør. HVL har også tre andre spesialiseringar du kan velgje om du vil bli elektroingeniør:

Korleis er undervisninga?

Vanlege arbeidsformer er førelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid. Du tileignar deg kunnskap både i klasse, gjennom gruppearbeid og sjølvstudium.

Laboratorieoppgåvene kan omfatte målingar på komponentnivå og på systemnivå. Vi gjer nytte av simuleringar saman med praktisk styring og regulering av fysiske prosessar. Førelesningane føregår hovudsak på campus, men vil også supplerast med nettbasert innhald. 

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

HVL robotics sin eigen Youtube-kanal

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

 

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale ei semesteravgift på kr 750 kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits (CERN), Spania, USA, Canada og New Zealand. Mot slutten av studiet er det mogleg å dra på utveksling til ein av desse institusjonane.

Kor kan du reise?

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i automatisering med robotikk kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Andre utdanningar du kanskje vil like