Kontakt mellom robothand og menneskehand (illustrasjon)

Automatisering med robotikk | Haugesund | y-veg

Bachelor

Har du fagbrev innan elektrofag? I Haugesund kan du ta ingeniørutdanning innan automatisering med robotikk gjennom den såkalla Y-vegen. Da kan du gå frå fagbrev til ingeniør på 3 år!

Kvifor studere automatisering med robotikk?

Utvikling, drift og optimalisering av alt som skjer automatisk er kvardagen til ein automatiseringsingeniør. I dette yrket kan du utvikle ny, spennande og berekraftig teknologi som formar framtida.

Har du tenkt på korleis ein koffert blir transportert automatisk frå du legg den på rullebandet på flyplassen, til den hamnar i lasterommet på flyet? Eller korleis ein utviklar robotar som forenklar kvardagen til folk og fornyar arbeidslivet? Du har kanskje høyrt om autonome fartøy, og er nysgjerrig på korleis slike ting blir laga?

Som det ligg i namnet, handlar dette fagfeltet om å gjere prosessar og system automatiske. Automatisering er eit framtidsretta fag. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet og i ulike delar av næringslivet.

Effektive prosessar gir mindre sløsing og mindre forureining, noko som er ein føresetnad for å nå FNs berekraftsmål. Automatiseringsingeniøren er ein viktig bidragsytar for å bygge oppunder dette arbeidet.

Kva er y-vegen?

I Haugesund kan du bli automatiseringsingeniør gjennom den såkalla y-vegen. Dette passar for deg som har yrkesfagleg utdanning med relevant fagbrev.

Du startar med eit mattekurs sommaren før du begynner på utdanninga. Sommarkurset 2023 startar 20. juni og har eksamen 8. august. Du tar fysikken første semesteret, og norsk i løpet av det første året. 

Ved å ta y-vegen blir du ingeniør på 3 år. 

Ønsker du å ta y-vegen, søker du direkte til HVL gjennom Søknadsweb og ikkje gjennom Samordna opptak. 

Studere automatisering i Haugesund? 

Automatisering med robotikk gjennom y-vegen kan du studere i Førde eller Haugesund.

Som studiestad er Haugesund er ein liten by med mange storbykvalitetar. Høgskulen sine lokale ligg midt i sentrum. Her er det lagt godt til rette for å jobbe saman med medstudentar og ikkje minst fagmiljøet vårt.

Ulike typar elektroingeniør

Automatisering med robotikk er ein av spesialiseringane du kan velje som elektroingeniør. HVL har også tre andre spesialiseringar du kan velgje om du vil bli elektroingeniør:

Korleis er undervisninga?

Y-vegen er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk, fysikk, norsk og engelsk. 

Undervisninga startar med sommarkurs i matematikk. Sommarkurset startar i juni og har eksamen i august.

Vanlege arbeidsformer er førelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid. Du tileignar deg kunnskap både i klasse, gjennom gruppearbeid og sjølvstudium.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale ei semesteravgift på kr 750 kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits (CERN), Spania, USA, Canada og New Zealand. Mot slutten av studiet er det mogleg å dra på utveksling til ein av desse institusjonane

Kor kan du reise?

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i automatisering med robotikk kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Andre utdanningar du kanskje vil like