FD modul 38- Brettspel som didaktisk ressurs | Høst 25

Fagdidaktiske moduler | valfri modul

Målet med modulen er å få ny innsikt i samanhengen mellom leik, spel og læring. Brettspel som didaktisk ressurs handlar om å bli kjent med brettspel sitt design og bruksområde som verktøy i aktiv læring.

Bergen

Hopp til

    Påmelding

    Dette er ein valfri modul som inngår i «HSPED802 Fagdidaktisk fordjuping i høgskulepedagogikk».

    Modulbeskriving

    Emnet har som målsetting å skape innsikt i potensialet til brettspel, samt å utvikle forståing for kva rolle brettspel kan spele i læring og utvikling. Spel-basert læring er forstått som ein undervisningsstrategi som tek i bruk spel og samspel til å fremje studentar sin kunnskap og utvikling av ferdigheiter. Når ein brukar spel på ein annan måte enn til underhaldning, kallar vi det utdanningsspel. Slik spel kan ha potensiale til å fremje motivasjon, engasjement og læring.

    Emnet gir ein introduksjon til leik og læring, og skilnaden mellom leik og spel. Leik og spel er nært knytt til barn si læring og gjennom dette studiet får studentane ny kunnskap og kompetanse i korleis dei kan bidra til å skape eit leikande læringsmiljø. I tillegg vil studiet gje kunnskap om kva som kjenneteiknar brettspel og korleis brettspel si utforming har samanheng med motivasjon og engasjement.

    Studentane får møte ulike brettspel og deira bruksområde. Studentane får reflektere over kva for utforming og læringsinnhald som høver til ulike bruksområde. Studenten får utvikle generelle ferdigheiter i korleis dei kan legge til rette for undervisning og læring som inkluderer brettspel, og som kan støtte og stimulere barna. Studiet skal bidra til å utvikle studentane si evne til refleksjon, vurdering og samarbeid, samt evne til å gi og ta imot rettleiing. Studiet legg vekt på teori- og erfaringsbasert kunnskap, og studentane skal få innsikt og forståing av samanhengen mellom teori og praksis. Utprøvande arbeid i praksis er en viktig del av studiet når studentane skal tilegne seg nye erfaringar med didaktisk design av spel-basert læring.

    Nøkkelomgrep

    • Pedagogisk innnovasjon
    • Spel, leik og læring
    • Design av brettspel
    • Forskingsbasert undervisning
    • Profesjonsfagleg utvikling

    Læringsutbytte

    • Kunne integrere spel-basert læring i eit emne i høgre utdanning på ein forskingsbasert måte
    • Utvikle kunnskap om leik og spel og rolla deira i læring og utvikling
    • Utvikle kunnskap om design og analyse av utdanningsspel
    • Kunne leie, rettleie og kritisk reflektere over spelbasert utvikling og læring
    • Kunne reflektere over eiga rolle i det pedagogiske arbeidet
    • Utvikle profesjonsfagleg kompetanse

    Læringsaktivitetar

    Modulen besår av tre fysiske samlingar og to mellomarbeid. Før første samling gjer ein seg kjent med litteraturen til modulen.

    1. Første samling: I den første samlinga blir temaet leik, spel og læring introdusert. Vi tematiserer ulike typar spel og design av spel.
      Første mellomarbeid har to delar. I del 1 av denne læringsaktiviteten skal du velge eit spel og analysere det med tanke på design prinsipp (eng. Game design principles). Du skal vurdere kva for game design prinsipp som er representert i spelet. I del 2 av denne læringsaktiviteten skal du velge eit utdanningsspel og analysere det med tanke på fagleg innhald. Du skal vurdere kva for potensiale for læring spelet representerer.

    2. Andre samling: Vi tematiserer bruk av brettspel i undervisning med ulike døme. Det blir kritisk refleksjon rundt moglegheiter og utfordringar. Det blir munnleg presentasjon av første mellomarbeid. Tilbakemelding på presentasjonar blir gitt av medstudentar og faglærar. Vi har idemyldring og reflekterer over korleis ein kan inkludere brettspel i eiga undervisning

    3. Andre mellomarbeid: Du skal velge eit spel og re-designe det med tanke på fagleg innhald. Det betyr at du brukar eit kjent spel sitt design og reglar, medan du endrar spelet slik at det blir eit utdanningsspel. På siste samling lagar du ein presentasjon av kva rolle brettspel som didaktisk ressurs kan spele i eiga undervisning. Du viser til at du har planar om å integrere spel-basert læring i eige fagområde.

    4. Tredje samling: I den tredje samlinga tar vi utgangpunkt i kunnskap om utdanningsspel og tidlegare forsking på spel-basert læring, og ser dette i ljos av eigen undervisningspraksis. Det blir presentasjon av studentane sitt andre mellomarbeid, som fungerer som sluttvurdering

    Vurdering

    • Tilbakemelding på presentasjon av studentaktive læringsformer i egen
      undervisningspraksis (medstudenter)
    • Sluttvurdering blir presentert på tredje samling.

    Organisering av modulen

    Tre samlingar og to mellomarbeid. Mellom samlingane arbeider studentene saman med oppgåver knytt til studiet. Det blir gitt rettleiing. Desse oppgavene tar blant annet utgangspunkt i egne praksiserfaringer og gir rom for refleksjoner og videreutvikling av egen praksis.

    Fysiske samlingar

    Samlingane er fysiske og går føre seg på campus Bergen. Deltaking på samlingane er obligatorisk, og det er forventa 80% oppmøte. Undervisningen vil veksle mellom forelesingar, webinar, og praktiske oppgaver. Innholdet i undervisningen blir regnet som pensum, og danner grunnlag for arbeid med ulike oppgaver. På dei fysiske samlingene vil det bli praktiske aktiviteter som blir utført selvstendig og i grupper.

    • 30.09.2025, kl. 13:15-16:00
    • 21.10.2025, kl. 13:15-16:00
    • 04.11.2025, kl. 13:15-16:00

    Litteratur

    Bayeck, R. Y. (2020). Examining board gameplay and learning: A multidisciplinary review of recent research. Simulation & Gaming, 51(4), 411-431.

    Parlett, D. S. (2018). Parlett's history of board games. (No Title).

    Sutton Smith, B. (2008). “Play Theory: A Personal Journey and New Thoughts.” American Journal of Play 1:80–123

    Whitton, N. (2022). Play and learning in adulthood: Reimagining pedagogy and the politics of education. Springer Nature.