Studieplan - Master in Climate Change Management, Sogndal
Hausten 2025
Master in Climate Change Management (Master i klimaendringar: forvaltning og planlegging) gir studentane ei brei forståing av dei komplekse utfordringane klimaendringane medfører, samt kompetansen til å generere kunnskap og løysingar på tvers av tradisjonelle vitskaplege disiplinar. Med ei tverr- og fleirfagleg emneportefølje lærer studentane om klimautfordringar frå ulike vitskaplege felt og perspektiv, og dei blir trena i å integrere metodar, verktøy og kunnskap frå fleire disiplinar. Studentane får eit solid akademisk grunnlag for å kunne vurdere, planleggje og gi råd om korleis ulike sektorar kan iverksette strategiar for å redusere klimagassutslepp og tilpasse naturen og samfunnet til konsekvensane av klimaendringar.
Opptakskrav
Alle tre krava må vere oppfylte:
1. Bachelorgrad med relevant fordjuping innan naturvitskap, samfunnsvitskap, humaniora, teknologi eller ingeniørfag. Fordjupinga må vere relevant for klima- og miljøfeltet, som til dømes Energi- og miljøvitskap, Politikk og forvalting, Grøn teknologi og omstilling, Geovitskap og naturfarar, eller ein kombinasjon av fleire.
2. Samla karakter på grunnutdanninga må vere C eller betre.
3. Søkarar med utdanning frå land utanfor Norden må dokumentere engelsk jamfør § 2.1 (4) i forskrift om opptak til HVL.
Læringsutbytte
Etter fullført og bestått utdanning skal ein student ha følgjande læringsutbytte
Kunnskap
Studenten...
- har avansert kunnskap om verknadene av klimaendringar på natur og samfunn, samt samspelet mellom klimaendringar, klimatiltak, naturkrisa og berekraftig utvikling.
- har kunnskap om klimamodellar og framskrivingar og deira bruk til å analysere og vurdere framtidige scenario.
- har avansert forståing av nasjonal og internasjonal klimapolitikk -implementering.
- har forståing for korleis økosystem og biologisk mangfald vert påverka av klimaendringar, og korleis økosystemtenester frå naturlege system kan bidra til både klimatilpassing og -avgrensing.
- har kunnskap om omstilling til meir miljøvennlege praksisar for energiproduksjon og -forbruk.
- har avansert kunnskap om vurderingar av naturfarar og vassforvaltning i planleggingsprosessar.
- har avansert kunnskap om strategiar, handlingar og verktøy for klimatilpassing og reduksjon av klimagassutslepp.
Ferdigheiter
Studenten...
- kan kritisk vurdere ulike kjelder til informasjon og bruke dei til å strukturere og utvikle faglege argument.
- kan jobbe sjølvstendig og samarbeide i tverrfaglege team for å løyse praktiske og teoretiske problem.
- kan nytte kvalitative og kvantitative metodar, dataprogram og verktøy som er relevante for forvaltning og anvend forsking.
- kan gjennomføre sjølvstendige forskingsprosjekt eller planleggingsoppdrag under rettleiing og i samsvar med etablerte forskingsetiske normer.
- kan lede og gjennomføre planleggingsprosessar i utarbeiding av energi- og klimaplanar.
- kan utvikle strategiar for klimatilpassing og planlegge tiltak for å redusere effektane av klimaendringar.
Generell kompetanse
Studenten...
- kan identifisere og kritisk vurdere relevant litteratur og kjelder.
- kan anvende kunnskap og ferdigheiter til å utføre avanserte oppgåver og lede forskings- og planleggingsprosjekt relatert til klimaendringar.
- kan samarbeide i tverrfaglege team og integrere kunnskap frå ulike fagområde.
- kan formulere forskingsspørsmål, samle inn og analysere data, og kommunisere funn både akademisk og til allmenta.
- kan bidra til å utvikle strategiar og tiltak, og finne nye løysingar og innovasjonar, for å fremje eit meir berekraftig samfunn.
Innhald
Programmet består av ni emne, kvar på 10 studiepoeng, og ei masteroppgåve med eit omfang på 30 studiepoeng. Undervisninga er organisert etter ein blokkplan, der kvart emne blir undervist og vurdert gjennom ein eksamen før neste emne startar. Kompetanse i vitskaplege metodar, verktøy og formidling blir utvikla gjennom programmet, og gir eit solid fundament for masteroppgåva. Masteroppgåva fokuserer anten på forsking eller anvend forvaltning, avhengig av studenten sine interesser. Detaljert informasjon om kvart emne kan finnast i dei spesifikke kursbeskrivingane.
Arbeidsformer
Programmet nyttar ei rekke undervisnings- og læringsmetodar, som inkluderer obligatoriske læringsaktivitetar. Det blir lagt vekt på å utvikle studentane sine ferdigheiter gjennom case-baserte prosjekt, der dei engasjerer seg i problemløysing innanfor tverrfaglege team. Eit betydeleg fokus er også på å forbetre studentane sine evner til å kommunisere resultat, både skriftleg og munnleg.
I undervisninga kombinerast forelesingar, ekskursjonar, felt- og laboratoriearbeid, øvingar, casestudiar og anna tverrfagleg arbeid i grupper. Studentane kan tilpasse sine spesialiseringar gjennom ulike sjølvstendige oppgåver.
Masteroppgåva kan fullførast individuelt eller i par under rettleiing av minst éin tilsett ved instituttet. Meir detaljert informasjon for kvart kurs finst i dei spesifikke kursbeskrivingane.
Vurderingsformer
Vurderingane inkluderer skriftlege og munnlege skoleeksamenar, skriftlege heimeeksamenar, og skriftlege eller munnlege oppgåver, som kan gjennomførast individuelt eller i team. Obligatoriske læringsaktivitetar inkluderer ekskursjonar felt- og laboratoriearbeid, arbeidsverkstader, munnlege presentasjonar, skriftlege oppgåver, øvingar osv. Desse aktivitetane må vere godkjende for å få rett til å ta eksamen. For meir spesifikk informasjon, sjå emnebeskrivingane.
Krav til studieprogresjon
Studenten må ha bestått minst 70 studiepoeng før han/ho kan starte på den avsluttande masteroppgåva.
Internasjonalisering
Studentar kan søkje om utvekslingsprogram ved utvalde institusjonar i utlandet i løpet av andre semester. I tillegg kan masteroppgåva gjennomførast i samarbeid med andre universitet, både i Noreg og internasjonalt, føresett at Høgskulen på Vestlandet er ein partnar i pågåande forskingsprosjekt.