Drama og teater

Denne videreutdanninga er for pedagogar i skule, barnehage og kulturfelt.

Emnet tar for seg:

  • Dramatiske og performative uttrykksformar og formidling
  • Teaterproduksjon med fokus på kollektive prosessar med barn og unge
  • Fagdidaktiske strategiar med vekt på individuelle og kollektive utforskande, kreative og estetiske læreprosessar 

Du finn meir informasjon i emneplanen.

Målgruppe

Pedagogar som arbeider med drama og teater som fag eller metode i skule, barnehage, kulturskule og frivillig kulturliv. 

Samlingsdatoar hausten 2021

  • 13.–15. september
  • 1.–3. november

Vil du studere vidare?

Dette er eit av seks frittståande emne som Institutt for kunstfag ved HVL tilbyr. 

Emna er samlings- og nettbaserte og kan takast på deltid. Det er mogleg å ta inntil 15 studiepoeng per semester. Nokre av emna blir tilbudt på Stord og andre i Sogndal, og det kan la seg gjere å kombinere emne frå begge stader.

Udir tilbyr stipendordning eller vikarordning i samband med vidareutdanninger på 30 studiepoeng. Lærarar som arbeider i grunnskule og vidaregåande opplæring, lærarar som underviser vaksne på desse nivåa og lærarar i kulturskuler kan søkje om desse ordningene frå Udir. Alle søknadar må godkjennast av arbeidsgivar for å bli vurdert.