
Elektronikkingeniør
Bachelor
Elektronikkingeniøren gjer den teknologiske utviklinga mogleg, gjennom å konstruere, utvikle og vedlikehalde elektronisk utstyr som vi omgir oss med til dagleg.
Har du sans for detaljar og likar å sette ting i system? Er du nysgjerrig på korleis elektronisk utstyr fungerer? Då kan elektronikkingeniør vere studiet for deg!
Når elektronikken fungerer tenkjer du ikkje over den. Den gjer at døra blir opna når du brukar nøkkelkortet, eller at bilsetet stiller seg inn slik du ønskjer. Elektronikken finn du i alt frå små detaljar til store system i samfunnet.
Elektronikkingeniøren har kunnskap om korleis elektronikken i desse systema er bygd opp. Etter ferdig utdanning kan du konstruere elektroniske system, lage kretskort, designe lydforsterkarar eller programmere mikrokontrollarar og FPGA.
Studiet gir ei solid innføring i grunnleggande ingeniørfag, med særleg vekt på analog og digital elektronikk og software.
Elektronikk relatert til helse-, energi-, miljø- og havteknologi er viktige satsingsområde for denne ingeniørutdanninga.
Nokre fag er praktiske og konkrete, med stor vekt på kretskonstruksjon. Andre fag er meir teoretiske og systemorienterte og handlar om å forstå større system innan måleteknikk, tele- og datanett.
Kva gjer ein elektronikkingeniør?
Korleis er undervisninga?
Vanlege arbeidsformer er førelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid. Du tileignar deg kunnskap både i klasse, gjennom gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene kan vere målingar på enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr, eller simulering på datamaskin.
Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.
Kva kan du jobbe med?
Ein elektronikkingeniør vil ofte samarbeide med fagfolk frå mange ulike fagfelt i større prosjekt, men må også ha evne til å arbeide sjølvstendig.
Dei viktigaste arbeidsområda er i verksemder innan:
- elektronisk- , elektroteknisk- og prosessindustri som utviklar, sel og/eller held ved like elektroniske målesystem, overvakingssystem eller kommunikasjonssystem
- fiskeri- og havbruksnæringa
- maritim og oseanografisk overvaking
- oljebransjen
Vil du studere meir?
Etter fullført studium får du graden bachelor i ingeniørfag. Dette gir deg høve til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar innan ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved HVL kan du til dømes gå vidare på ein mastergrad i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Mot slutten av studiet er det mogleg å dra på utveksling til ein av institusjonane i lista under.
Kor kan du reise?
New Zealand | Auckland University of Technology
Spania | Polytechnic University of Valencia