
Elkraftteknikk | Bergen
Bachelor
Vil du vere ein del av det viktige arbeidet med å sikre samfunnet elektrisitet i framtida? Vil du utvikle framtidas grøne energiløysingar? Studer elkraftteknikk og bli elkraftingeniør!
Kvifor studere elkraft?
Utan elektrisk straum stoppar store delar av samfunnet opp. Nye miljøkrav til berekraftig produksjon frå mellom anna vind og vatn, gjer kompetansen til elkraftingeniøren stadig meir relevant og etterspurt.
Korleis kan vi sikre effektiv overføring og bruk av energi til samfunnet? Korleis drar vi nytte av fornybare energikjelder og utviklar energiløysingar som er berekraftige for framtida?
Elkraftingeniøren jobbar med eit spennande og framtidsretta fagfelt. Med denne utdanninga vil du bidra til at systema fungerer, frå fornybar energiproduksjon til overføring av elektrisitet til private eller offentlege bygg, transport eller industri.
Elkraftteknikk er eit breitt fagområde som dekker produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Studiet gir deg mellom anna kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system.
Du kan fordjupe deg innan:
- energiproduksjon i vind- og vannkraftverk
- høgspenningsteknologi
- elektriske maskiner og omformarar
- kraftelektronikk
- lavspenningsinstallasjonar
Elkraftteknikk kan du studere på heiltid i Bergen eller Førde.
Kva kan du jobbe med?
Fordi fagfeltet er svært viktig for samfunnet, finnest det mange relevante jobbar for den allsidige elkraftingeniøren. Utdanninga er brei og gir mange spennande jobbmoglegheiter.
Arbeidsoppgåvene til elkraftingeniøren finn du til dømes innan landbasert industri, offshore og maritim industri, energiforsyning eller i konsulentbransjen.
Elkraftingeniøren kan godkjennast som ansvarleg for prosjektering, drift og vedlikehald av elektriske anlegg som er under offentleg kontroll og tilsyn.
Lønn: Kva tener ein elektroingeniør?
Sjå kva ein elektroingeniør tener på utdanning.no sin lønnsstatistikk.
Ulike typar elektroingeniør
Elkraftteknikk er ein av spesialiseringane du kan velje som elektroingeniør. HVL har også tre andre spesialiseringar du kan velgje, om du vil bli elektroingeniør:

Korleis er undervisninga?
Vanlege arbeidsformer er førelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid. Du tileignar deg kunnskap både i klasse, gjennom gruppearbeid og sjølvstudium.
Laboratorieoppgåvene kan omfatte forsøk på komponentnivå og på systemnivå. Førelesningane føregår i all hovudsak på campus, men vil også supplerast med nettbasert innhald der det styrker læringa.
Den avsluttande bacheloroppgåva på elkraftteknikk blir vanlegvis utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.
Har du fagskuleutdanning?
Har du tatt 2-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning?
Du kan få fritak for inntil 60 studiepoeng dersom du har relevant fagskuleutdanning. Då tek du utdanninga over 2 år.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald mot slutten av studietida.
Kor kan du reise?
Kina | Tianjin University of Technology (TUT)
New Zealand | Auckland University of Technology (AUT)