Hopp til innhald

HELS-VITSK Vitskapsteori og forskningsmetode

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet har fokus på kunnskapsutvikling og metodespørsmål knytt til klinisk helse- og omsorgsvitskap. Emnet har fokus på generelle ontologiske, epistemologiske, metodologiske og etiske føringar som innverkar på forskingsprosessen. Både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar blir behandla. Emnet er nært knytt til studenten si eiga masteroppgåve. 

Læringsutbytte

  • hr kunnskap om sentrale retningar innan vitskapsteori
  • har kunnskap om sentrale forskingsmetodar innan helse- og omsorgsvitskapeleg forsking
  • har innsikt i kva som er vitskapeleg kunnskap og korleis denne blir utvikla
  • har kunnskap om fasane i eit forskingsprosjekt
  • har inngåande kunnskap om forskingsetiske tenkjemåtar, retningsliner og lovverk

 

  • studenten kan gjere bruk av ulike kunnskapssyn, metodar og forskingsetikk
  • studenten kan formulere relevant problemstilling
  • studenten kan relatere problemstilling til relevant metode
  • studenten kan velge relevant teori i samband med tema og problemstilling
  • studenten kan utforme eit relevant forskingsdesign

 

  • kan vurdere kvaliteten på forskingslitteratur
  • kan planleggje eit avgrensa forskingsprosjekt
  • har inngåande kunnskap om samanhengen mellom vitskapsteori, val av forskingsspørsmål og val av vitskapeleg metode
  • kan analysere publiserte studiar med tanke på metodiske spørsmål, tolking, forståing, gyldigheit og relevans

Krav til forkunnskapar

-

Tilrådde forkunnskapar

HELS-GRUNL - Helse- og Omsorgsvitskap - grunnlagstenking, HELS-ETIKK - Helse- og Omsorgsetikk og HELS-SAMH - Samhandling i vanskelege livssituasjonar

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rettleiing, dialogbaserte seminarar/nettmøter, gruppearbeid m/fremlegg og skriftlege arbeid på campus og/eller digitalt.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ja

Vurderingsform

Gradert karakter

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel