Hopp til innhald

JU6-404 Jus for offentleg leiing

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studentane moglegheit til å forstå korleis arbeidsretten og forvaltningsretten/kommunalretten sine rettsreglar legg rammer for styring og leiing i offentlege verksemder. I tillegg skal studentane ha eit oversyn over korleis ein løyser praktisk juridiske problemstillingar.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studenten:

  • Ha oversikt over den individuelle arbeidsretten, og ha særleg god kjennskap til korleis arbeidsavtalar blir til og blir avslutta, arbeidsgjevar sin styringsrett, lojalitetplikta, og til krav om forsvarleg arbeidsmiljø.
  • Kjenne til dei viktigaste reglane for styring og organisering av offentleg verksemder i forvaltningsretten og kommunalretten.
  • Kjenne internkontroll som metode for å sikre at verksemder si drift er i samsvar med lov og føresegn.

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingsoppgåver (sjå arbeidskrav), løysing av oppgåver i seminar og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav nr 3: Praktisk oppgåve med individuell tilbakemelding.

Sjå studieplan for meir informasjon om korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga.

Vurderingsform

Heimeeksamen, individuell - 8 dagar. Praktisk oppgåve.

Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene.

Bokstavkarakter.

Ved stryk kan studenten ta opp igjen eksamen det påfølgjande semesteret.

Fagleg overlapping

  • JU6-404 - Jus for offentleg leiing - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • JU6-400 - Økonomi og jus i helse- og sosialsektoren - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • JU6-402 - Jus i helse- og velferdssektoren - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • JU6-403 - Jus i utdanningssektoren - Reduksjon: 5 studiepoeng