Hopp til innhald

LU1-NOR415 Norsk 2b 1-7

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

I norsk 2 skal studentane få ei utvida, forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap og fagdidaktikk; dei skal arbeida meir med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

 

Innhald. Konkretisering av tema

  • Skrivepedagogikk - rettleiing og vurdering av elevtekstar
  • Det munnlege - munnlege tekstar, forteljing og dramatisering
  • Den andre lese- og skriveopplæringa - lesestrategiar og motivasjon

Studentane vil få høve til å velja mellom følgjande fire fordjupingsemne:

  • Sammensatte tekstar
  • (Barne)litteraturhistorie
  • Tilpassa opplæring i begynnaropplæringa

Lesing og leserettleiing

Læringsutbytte

Studenten - kunnskaper:

  • Har inngåande kjennskap til teoriar omlesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
  • Har kunnskap om skrivepedagogikk, og korleis dei best kan motiver og rettleia elevar i skriveprosessen
  • Har kunnskap om eitt av fire valfrie emne

 

 - ferdigheter:

  • Kan rettleia elevar i lese- og skriveprosessen, slik at elevane blir kompetente lesarar og skrivarar, og får utnytta sitt potensiale
  • Kan utnytta eit breitt repertoar av lesestrategiar både i norskfaget og i andre fag

 

- generell kompetanse:

  • Er ein god lese- og skrivelærar

Kan formidla litteratur og motivera elevane til lesing og skriving

Krav til forkunnskapar

Norsk 1, 30 studiepoeng

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 2a

Undervisnings- og læringsformer

Klasseromsundervisning, fysisk og med videooverført undervisning; lærarstyrt og med studentaktivitetar.

Presentasjonar og seminarinnlegg

Munnlege og skriftlege oppgåver, individuelle og i grupper.

Tekstskaping og -vurdering.

Praksisoppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjende skriftlege og munnlege studiekrav. Alle studiekrav presiseras i semesterplanen.

Vurderingsform

Muntlig eksamen og prøveforelsening

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel