LU1-RLE1A115 Kristendom, religion, livssyn og etikk 1a (1-7)
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
KRLE 1a gir historisk og aktuell kunnskap om kristendommen, filosofi og etikk. KRLE 1a er delt i to fagområder. Fagdidaktiske perspektiv er integrert i begge fagområder. KRLE 1a gir kunnskapar og ferdigheiter retta mot KRLE undervisning på 1.-7.årssteg.
KRLE 1a gir studentane nødvendig kultur- og religionskompetanse i møte med elevar, heimar og i samarbeid med kollegaer. Emnet består av følgjande fagområde:
- Kristendom
- Filosofi og etikk
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om kristendommen: mangfald og ulike retningar, trusinnhald og oppfatningar, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg vekt på norske forhold
- har kunnskap om religionshistorie med vekt på eldre tid og særleg på kristendommens historie fram til og med reformasjonen
- har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen
- har kunnskap om vestleg filosofihistorie med vekt på antikken, særleg menneskesyn og etikk
- har kunnskap om etiske teoriar og bruken av desse i høve til nokre aktuelle problemstillingar
- har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar i faget i høve til dei aktuelle trinna
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere KRLE undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei fleirkulturelle utfordringane
- kan bruke sentrale arbeidsmåtar i KRLE med vekt på arbeidet med høgtider, forteljingar og estetiske uttrykk
- kan setje seg inn i borna sine tankar og førestellingar om religiøse og filosofiske spørsmål og kan samtale med dei om dette
- kan samtale med barn om tilhøve som oppstår i samband med vanskelege livssituasjonar
- kan samarbeide med andre lærarar, elevar og heimen om faget
- kan gjennomføre tilpassa opplæring i KRLE, mellom anna med omsyn til elevar med bakgrunn i ulik tru og ulike livssyn
- kan kombinere kravet om objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i KRLE med varierte, elevaktive og engasjerande arbeidsmåtar med tilsvarande vurderingsformer
- kan legge til rette for utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga
- kan reflektere kritisk over innhaldet og verdimålsettingane for faget i skolen og over forholdet mellom fag, undervisning og eiga utvikling i yrkesutøvinga
- kan bruke internett og digitale læremidlar på ein kritisk og pedagogisk måte i undervisninga
Generell kompetanse
Studenten
- har yrkesetisk kompetanse og kan sjå dette i samanheng med religiøse og livssynsmessige tradisjonar
- kan leggje til rette for samarbeid mellom heimen, skolen og lokalmiljøet
- har forståing for rolla som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Haust
Undervisnings- og læringsformer
Klasseromsundervisning; lærarstyrt og med studentaktivitetar. Skriftlege og munnlege oppgåver, individuelle og i grupper. Kampusbasert E-Læring. Studietur til London med egenbetaling.
Obligatorisk læringsaktivitet
- ha fått godkjend 1 kunnskapsprøve innan fastsett frist
- ha fått godkjend 3 skriftlege innleveringar på 1500 ord innan fastsett frist
- 80% deltaking på undervisning som er markert som obligatorisk i semesterplan
Vurderingsform
Heimeeksamen, muntleg eksamen.