Hopp til innhald

LU2-PRA2 Praksis 2. år 5-10

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhold og oppbygning

Praksis skal vere ein integrert del av alle fagstudium i grunnskulelærarutdanningane. Praksis skal vere relevant for og integrert i alle fag, og er å sjå på som ein læringsarena på linje med undervisning på høgskolen. Alle studentane skal få undervisa i fag dei har hatt opplæring i, samtidig som praksisperiodane skal gi erfaringar med den heilskapen av fag elevane møter.

 

 

Praksisopplæringa skal vere rettleidd, vurdert og variert. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisopplæringa er eit felles ansvarsområde for faglærarane i lærarutdanninga (både lærarar i undervisningsfag og i pedagogikk og elevkunnskap), praksislærar og rektor.

 

 

Heilskapleg og samanhengande lærarutdanning, samanbinding av teori og praksis og samarbeid om rettleiing og vurdering føreset at faglærarane i lærarutdanninga tek del i eit langsiktig samarbeid med praksisinstitusjonane og med studentane om undervisning og anna praksisarbeid . Dette samarbeidet skal omfatta utveksling av kunnskap og lærarkrefter på ein måte som sikrar at aktivitets- og utviklingsoppgåver i praksisfeltet blir trekt inn i praksisførebuinga i lærarutdanningsfaga.

Faga i grunnskulelærarutdanningane skal vera differensierte mot dei trinna utdanninga kvalifiserar for. I utdanninga for trinn 5-10 skal hovudvekta leggjast på spesialisering og fordjuping i fag. Det skal leggjast til rette for progresjon i opplæring av grunnleggjande ferdigheiter, frå dei lågaste til dei høgste trinna innanfor det aktuelle årstrinnsspennet for profilen, og studentane skal tileigna seg kunnskap om overgangen frå småskuletrinnet til mellomtrinnet, og frå ungdomstrinnet til vidaregåande.

 

 

Skulepraksis 

Medmeiner vi praksis i grunnskulen. I utdanninga for trinn 5-10 skal både trinn 5-7 og trinn 8-10 dekkjast. Skulepraksis omfattar undervisning og alle aktivitetar som er i regi av grunnskulen, som angår elevane og som til vanleg involverer lærarar. I tillegg til undervisning kan dette vera m.a. lærarmøte, skuleturar, museumsbesøk, leirskule, aktivitetsdagar, foreldremøte, samarbeidsmøte mellom skule og andre instansar, ulike prosjekt i høve til læringsarbeidet og klassemiljøet. Praksis i eit anna lands grunnskule i samband med internasjonale utvekslingsopphald eller internasjonalt semester, kan godkjennast som del av dei 100 dagane med praksis, under føresetnad av at dei ordinære krava til praksisopplæringa blir oppfylte.

 

 

Utdanninga skal kjenneteiknast av eit nært samspel med profesjonsfeltet og det samfunnet skulen er ein del av. Overgang grunnskule ¿ vidaregåande skule og innsikt i skuleslaget sine linjeval, arbeidsmåtar og innhald er viktig kompetanse for lærar som arbeidar på ungdomstrinnet. 

Deltaking på årleg forskingskonferanse ved HSH inngår som del av utdanninga.

 

Hovudtemaet for praksisopplæringa i andre studieår er eleven i 5.-10. trinn, elevmangfaldet og elevane sitt møte med skule og fag. Dette omhandlar:

- Elevane si faglege, sosiale, kulturelle og personlege læring og utvikling på 5.-10. trinn

- Inkluderande læringsfellesskap

- Variert og tilpassa opplæring, ulike arbeidsmåtar

- Lærararbeid og læringsleiing i fleirkulturelle klasserom og i møte med elevar med spesielle behov

- Klasseromskunnskap/kunnskap om ulike læringsarenaer

Læringsutbytte

KUNNSKAP

 

 

Studenten

  • har kunnskap om elevane si utvikling og bakgrunn som utgangspunkt for læring
  • har kunnskap om elevvariasjonar og tilpassa opplæring
  • har kunnskap om kulturelt og språkleg mangfald
  • har kunnskap om kommunikasjon, samhandling og gruppeprosessar

 

 

FERDIGHEITER

 

 

Studenten

  • kan utvikla mål for opplæringa og vurdera elevane si måloppnåing
  • kan møta mangfald og elevvariasjon gjennom differensiert opplæring
  • kan sjølvstendig og saman med andre planleggja, gjennomføra og vurdera undervisning i eit fleirkulturelt læringsfellesskap
  • kan vera tydeleg leiar og leia læringsarbeid ved å differensiera og variera arbeidsmåtar etter gruppestorleik og føremålet for undervisninga

 

 

GENERELL KOMPETANSE

 

 

Studenten

  • har innsikt i elevane si læring av grunnleggjande ferdigheiter og forståing av fagkunnskap
  • har utvikla medvit rundt eigen kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • har innsikt i eiga utvikling som lærar
  • kan vurdera eigen lærarkompetanse og eige læringsbehov

Krav til forkunnskaper

-

Anbefalte forkunnskaper

-

Undervisnings- og læringsformer

HSH skal tilby ei heilskapleg og samanhengjande lærarutdanning over 4 år med stor vekt på samanbinding av teori og praksis. Det er naturleg at observasjon er sentralt i studentane sitt første møte med praksis. Studentane må også få høve til å observera ulike undervisningsmetodar. Frå ei kort innføringsøkt med fokusert observasjon skal studentane 1. studieår via ei rolle som hjelpelærar gradvis kunna overta undervisning i einskilde timar.

 

 

Utover i studiet vil planlegging, gjennomføring og vurdering av meir samanhengjande undervisningsøkter stå sentralt. Studentane skal bli kjende med skulen slik han er i dag, korleis han fungerer som organisasjon, korleis han er utstyrt, korleis dagens lærarar arbeider og lærer (jf. presentasjon av tema og læringsutbytte for dei ulike studieåra nedanfor).

 

 

Under heile utdanninga vil det vera viktig å laga rammer for og stimulera til refleksjon rundt kva det vil seia å vera lærar. Danning, i tydinga kritisk refleksjon og profesjonsforståing, vil såleis stå sentralt i studentane si utvikling.Dette skal skje ved at studentane tek i bruk ei individuell, skriftleg praksismappe. Denne skal følgja studentane gjennom heile praksisopplæringa og innehalda relevant dokumentasjon av studentane sitt arbeid i praksisperiodane. Det viktigaste med praksismappa er at ho inneheld refleksjon om eiga læring i praksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjent praksisperiode høstsemester  

Vurderingsform

Avsluttende vurdering 2. semester. Bestått 2.- års praksis forutsetter godkjent praksis i høstsemester.  

Hjelpemidler ved eksamen

-

Mer om hjelpemidler