Hopp til innhald

MASIKT-VIT Vitskapsteori og forskningsmetodar

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

I arbeidet med emnet skal studenten få innsikt i vitskapsteoretiske og metodiske spørsmål knytte til forsking på skule og samfunn generelt. Emnet skal gi studentane grunnlag for å lese og tolke pedagogisk fag- og forskingslitteratur, særleg med tanke på å vurdere kritisk om den pedagogiske kunnskapen er gyldig og påliteleg. Både kvalitative og kvantitative forskingsmetodiske tilnærmingar vil bli handsama. Emnet vil vere nært knytt til studenten sitt eige masterarbeid.

Læringsutbytte

Kunnskap:

  • har kunnskap om sentrale retningar innan vitskapsteorien
  • har kunnskap om sentrale forskingsmetodar innan pedagogisk forsking
  • har innsikt i kva som er vitskapeleg kunnskap og korleis denne vert utvikla
  • har praktisk og teoretisk kunnskap om fasane i eit forskingsprosjekt
  • har kunnskap om forskingsetikk

Ferdigheiter:

  • kan velje relevant teori og utvikle eit forskingsdesign
  • kan formulere forskingsspørsmål og relatere desse til aktuelle metodar
  • kan bruke programvare for analyse av kvalitative og kvantitative data

 

Generell kompetanse:

  • kan vurdere kvaliteten på eksisterande forskingslitteratur
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere eit avgrensa forskingsprosjekt

Krav til forkunnskapar

Gjennomført første år i masterstudiet.

Undervisnings- og læringsformer

Opplegget inneheld førelesingar, rettleiing, nettdiskusjonar, nettbaserte ressursar og arbeid med mappeelement. Faglærarar og studentar samarbeider via læringsplattforma Fronter.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på to obligatoriske samlingar. Nærare presisert i semesterplan.

Vurderingsform

Mappevurdering