IKT i læring
Master
IKT i læring er eit tverrfagleg masterstudium for pedagogar og lærarar. Bruk og integrering av IKT i pedagogisk praksis og teori står sentralt i studiet.
Vi tar ikkje opp nye studentar. Vi tok opp det siste kullet i 2020, og frå våren 2021 overtok det nye masterprogrammet Praktisk utdanningsvitskap.
IKT i læring kan gjennomførast på heiltid (2 år) eller på deltid (3 år).
Du kan velje mellom følgjande profilar/faglege fordjupingar:
- Teknologisk orientert profil, med vekt på korleis digitale verktøy blir brukt i enkeltfag. Her kan du fordjupe deg i utviklinga av digitale læremiddel og utvikling av nettstøtta læringsmiljø.
- Allmenndidaktisk profil med vekt på pedagogisk utviklingsarbeid, der fordjuping kan knyttast til utviklingsarbeid innan skuleleiing, skuleutvikling, rettleiing, tilpassa opplæring eller andre relevante pedagogiske og/eller tverrfaglege tema.
Kva kan du jobbe med?
- Fullført utdanning kvalifiserer for å arbeide som lektor i grunnopplæringa 1.-13. klassetrinn (gjeld ikkje for deg som søker opptak på grunnlag av barnehage-/førskulelærarutdanning).
- Med Kunnskapsløftet og auka bruk av IKT i samfunnet, er behovet for arbeidskraft med pedagogisk IKT-kompetanse stort.
- Studiet gir òg eit vitskapleg grunnlag for forsking og utvikling innan IKT i læring.
- Tidlegare studentar ved HVL arbeider i dag på høgskular, universitet, i grunnskulen og på vidaregåande skular. Studiet rekrutterer òg arbeidskraft til andre offentlege og private næringslivsprosjekt.
Vil du studere meir?
Fullført utdanning kvalifiserer for opptak til ph.d.-studium.