Hopp til innhald

MS1-307 Masteroppgåve i samhandling og folkehelsearbeid

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Masteroppgåva bør vanlegvis ta utgangspunkt ei problemstilling knytt til helse¿ sosial eller idrettsfaglege tenester. Den kan gjerne vere knytt til eit område studenten har erfaring med. Med bakgrunn i ein prosjektplan skal studentane gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsarbeid. Det er ein føresetnad at det vert gjennomført ei empirisk undersøking, teoretisk analyse eller metaanalyse knytt til det valde problemområdet. Masteroppgåva kan formidlast som monografi eller som publiserbar artikkel med kappe.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studenten kunne:

  • gjere greie for sentrale teoriar og metodar innanfor fagområdet og arbeide sjølvstendig med teoretisk problemløysing
  • kunne analysere og stilla seg kritisk til relevante teoriar, nasjonal og internasjonal forsking på det aktuelle forskingsområdet
  • ha inngåande kunnskap om forskingsprosessen sine ulike delar
  • bruke relevante forskingsmetodar i eit sjølvstendig avgrensa forskingsarbeid
  • stille seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande vitskaplege og forskingsetiske normer
  • bidra til innovasjon og forbetring i helse¿ og sosialsektoren
  • bidra i samfunnsdebatten med kunnskapsbasert argumentasjon om faglege problemstillingar knytt til fagfeltet samhandling innan helse- og sosialtenester

Krav til forkunnskapar

Bør ha gjennomført emna Forskingsmetode og Prosjektførebuing. Alle tidlegare emne i studiet må vere fullført før ein kan levere masteroppgåva til sluttvurdering.

Undervisnings- og læringsformer

Med bakgrunn i tema og problemstilling får studenten tildelt ein rettleiar. Den individuelle rettleiinga baserer seg på at studenten sjølv tek ansvar for progresjon i arbeidet. Det blir lagt opp til felles seminar undervegs der studentane skal legge fram og drøfte arbeidet sitt med studentar og rettleiarar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Innlevering av prosjektplan for godkjenning av rettleiar. Deltaking på seminar med presentasjon av prosjektet undervegs for rettleiarar og andre studentar.

Vurderingsform

Individuell masteroppgåve. Gradert karakter A - F