Hopp til innhald

MSAM113 Samfunnsfagleg forsking og litteratur

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emne 1 er eit obligatorisk emne i mastergradsstudiet i samfunnsfagdidaktikk, og går første semester i studiet. Emnet gir studenten høve til å orientere seg breitt i eit forskingsfelt for deretter å rette seg inn mot eit spesifikt tema for masterprosjektet.

Emnet gir studentane høve til å orientere seg mot eit forskingsfelt innan historie, geografi eller samfunnskunnskap som kan vere relevant for mastergradsoppgåva deira. Det vil dessutan bli fokusert på kva som kjenneteiknar samfunnsfaga som vitskaplege disiplinar og korleis ein effektivt kan finne fram til forskingslitteratur via bibliotek og databasar.

Læringsutbytte

Ein kandidat som har fullført emne 1 skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kandidaten

  • har gode kunnskapar om fagområda historie, geografi, statsvitskap og sosiologi sin eigenart, historie og forskingstradisjonar
  • kan bruka ulike informasjonskjelder kritisk
  • kan gjera greie for sentrale forskingsbidrag på eit sjølvvald forskingsfelt

Kandidaten

  • kan plassera masterprosjektet sitt i forhold til utvalde samfunnsvitskaplege grunnlagsspørsmål
  • kan presentere og diskutere fagstoffet munnleg og skriftleg
  • kan finne fram til relevant forskingslitteratur via bibliotek og databasar

Kandidaten

  • kan analysere og diskutere sentral litteratur innafor eit forskingsfelt
  • kan plassere eige masterprosjekt innan ein større forskingstradisjon

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga skjer som ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium og diskusjon av tekstar og studentarbeid i seminar. Studentane skriv ei oppgåve som gjer greie for kva forsking og teoretiske perspektiv som ligg føre for temaet dei har valt å skrive masteroppgåve om. Utkast til denne oppgåva skal leggjast fram til diskusjon i seminar. I tillegg til seminararbeid har studentane høve til individuell rettleiing. Desse arbeidsformene skal øve studenten sin evne til litteratursøk og kritisk vurdering av tekstar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal presentere tema og problemstilling for masterprosjektet sitt munnleg og skriftleg i seminaret, og være opponent på innlegget til ein medstudent. Utfyllande retningsliner for arbeidskrava vil bli delt ut ved semesterstart. Arbeidskrava må være godkjente for at studentane skal kunne ta eksamen.

Godkjend arbeidskrav er gyldig i tre semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Oppgåve.
Studentane skal skrive ei individuell oppgåve på 4000 ord, som viser at studenten har kunnskapar om eit forskingsfelt, kan formulere eigne problemstillingar og relatere desse til utvalde vitskapsteoretiske spørsmål, avhengig av prosjektets eigenart. Studenten skal også vise evne til akademisk framstilling.

Tid for innlevering av eksamen vert annonsert på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.