OR6-2000 Entreprenørskap og innovasjon
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Omgrepsavklaring: Kva er entreprenørskap? Kva er innovasjon? Kva kjenneteiknar entreprenørskap og innovasjon innanfor reiselivsnæringane?
Statistikk: Korleis står det til med entreprenørskap og innovasjon i Noreg?
Teoriar om innovasjon og entreprenørskap på to nivå:
- kontekst: Innovasjonssystem, klynger, nettverk (sosial kapital)
- bedrifter ¿ entreprenøriell orientering
Dynamikk ¿ endrings-/utviklingsprosessar: Kunnskap: Utvikling, spreiing, læring på ulike nivå.
- støtteapparat: Næringsutvikling ¿ kva er oppgåvene til ulike aktørar?
- drivkrefter - barrierar
- innovasjonsprosessar i bedrifter (intraprenørskap)
- entreprenørielle prosessar (frå idé til oppegåande bedrift)
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan studenten:
- det teoretiske grunnlaget for problemstillingar innan entreprenørskap og innovasjon
- forstå faktorar som er avgjerande for å lukkast med næringsutvikling, både i enkeltverksemder og på lokalt og regionalt nivå. Døme i undervisninga vil i stor grad bli henta frå reiselivsnæringa.
- kjenne til og ta i bruk verktøy for å analysere konkrete case innan området entreprenørskap og innovasjon
- tenkje kritisk, reflektere og stille spørsmål til dei teoriane som finst og til den forskinga som vert gjort
Krav til forkunnskapar
Tilrådde kunnskapar er organisasjonsteori eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid, øvingar, seminar. Studentane blir forventa å vere aktive gjennom å stille spørsmål, svare på spørsmål og å vise evne og vilje til kritisk refleksjon over fagstoffet. I undervisninga blir det lagt vekt på å formidle verktøy eller modellar som kan brukast til å skildre og drøfte konkrete case (t.d. knytte til nyetableringar, lokal næringsutvikling eller regionale innovasjonssystem).
Obligatorisk læringsaktivitet
To arbeidskrav. Eitt som inneber deltaking på seminar i kombinasjon med ei skriftleg innlevering, og ei skriftleg innlevering åleine.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Fagleg overlapping
- OR6-211 - Næringsutvikling og omstillingsarbeid - Reduksjon: 5,5 studiepoeng