ØKB2124 Samfunnsvitskapleg metode
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Studentane skal få ei grunnleggjande innføring i samfunnsvitskapleg forskingsmetode. Faget startar med ein introduksjon til metodelære der blant anna ulike trinn i forskingsprosessen blir gjennomgått. Både kvalitative og kvantitative forskingstilnærmingar og metodar blir studert. Blant dei kvalitative datainnsamlingsmetodane gjennomgår ein blant anna intervju og fokusgrupper. Vi går i djubda på deskriptiv statistikk, bruk av statistiske metodar for samanlikning av grupper. I tillegg bruker vi blant anna multippel regresjon på ulike typar data og relaterte metodeproblem blir studert. Faget inneheld øvingar der dataverktøy blir brukt for å analysere data og problemstillingar innan det økonomiske administrative fagområdet.
Læringsutbytte
Studenten:
- Har oversikt over dei ulike trinna i ein forskingsprosess.
- Har kunnskap om ulike typar forskingsdesign og kombinasjonar av forskingsopplegg, både kvantitative og kvalitative.
- Har kunnskap om grunnleggjande datainnsamlings- og analysemetodar, både kvalitative og kvantitative.
Studenten:
- Kan definere forskingsspørsmål og vite korleis ein kan gjera avgrensingar samt definere relevante omgrep og problem.
- Kan reflektere over muligheitane for generalisering, samt diskutere problemstillingar omkring validitet og reliabilitet, feilkjelder og feiltolkingar i empirisk baserte studiar.
- Kan vurdere alternative metodisk tilnærming for empirisk analyse av problemstillingar som dukkar opp i det økonomisk administrative fagområdet.
- Kan bruke og trekkje slutningar frå grunnleggjande statistiske og økonometriske metodar.
- Kan bruke og vere fortruleg med relevant dataverktøy for i praksis å kunne utføre grunnleggjande analyse basert på empiriske data.
Med utgangspunkt i dei andre metodefaga (matematikk og statistikk) har studenten fått ei innføring i Samfunnsvitenskapleg metode, deriblant nytta statistikk og økonometri. Studenten kan reflektere omkring forskingsetikk samt vurdere alternative kvalitative og kvantitative forskingsdesign og metodar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggende statistikk
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveløsning der vi bruker relevant dataverktøy
Obligatorisk læringsaktivitet
Ja, spesifiseres i semesterplan ved semesterstart
Vurderingsform
Prosjektoppgåve; 60/100, grupper
Skriftlig skoleeksamen; 40/100, 3 timar
Karakterskala A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Kalkulator TI-84 vert delt ut under eksamen
Meir om hjelpemiddel