BLU3-1000 Barns utvikling, leik og læring
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
- Barnehagen og profesjonsrolla
- Barns heilskaplege utvikling
- Samspel med barn
- Didaktikk
- Overgang barnehage - skule
- Leik
Kunnskapsområdet vil mellom anna nytte kompetanse frå pedagogikk, matematikk, norsk, RLE og fysisk fostring.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap til barnehagens historie og det planverket som styrer barnehagen
- har kunnskap om barnehagen som ein del av utdanningssystemet, og overgangen mellom barnehage og skule
- har kunnskap om barns veremåtar, omsorgs-, leike- og læringsbehov
- har kunnskap om leik som fenomen
- har kunnskap om observasjon og ulike kartleggingsverktøy
- har kunnskap om barns identitetsutvikling
- har kunnskap om barns sosiale utvikling
- har kunnskap om didaktikk, og didaktisk tilrettelegging for barns leike og læringsprosessar og av barnehagens leike- og læringsmiljø
Ferdigheiter
Studenten
- kan gå inn i omsorgsfulle relasjonar med barn
- kan leie pedagogiske prosessar med enkeltbarn og barnegruppe
- kan ta barns perspektiv, og legge til rette for barns erfaringar, interesser og rett til medverknad
- kan sjå, møte og støtte barns leik, nysgjerrigheit og skapande uttrykk
- kan reflektere over og vurdere ulike skuleførebuande opplegg for dei eldste barna i barnehagen
- kan bruke digitale verktøy til å dokumentere og formidle, både fagleg arbeid, eiga profesjonsutvikling og barns leike- og læringsprosessar
Generell kompetanse
Studenten
- kan utøve profesjonelt skjønn gjennom å anvende fagleg kompetanse på praktiske og teoretiske problemstillingar
- kan vise grunnleggjande toleranse, interesse og respekt for barn sine særeigne behov og læringsmogelegheiter
- kan analysere og reflektere kritisk over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til pedagogisk arbeid med barns utvikling, leik, læring og danning
- kan formidle og vidareutvikle sin kompetanse om pedagogisk arbeid med barn
Krav til forkunnskapar
Opptak barnehagelærarutdanning
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformer i kunnskapsområdet vil basere seg på temablokker med førelesingar, eigenarbeid og ulike former for gruppeoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
- To individuelle refleksjonsnotat, eitt skriftleg og eitt digitalt
- Oppgåver knytt til praksis
- Eitt prosjektarbeid med tema leik
Vurderingsform
Haust 1.år: Munnleg eksamen i gruppe. Vekting 30 %
Vår 1.år: Mappe: to individuelle tekstar i mappa. Ved ikkje bestått eller forbetring, kan studenten forbetre den underkjente oppgåva. Vekting 70 %
Karakterskala A-F.