Hopp til innhald

BLU3-1005 Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

  • Barnehagen som lærande organisasjon
  • Leiing og samarbeid i barnehagen
  • Barnehagen i samfunnet
  • Utviklingsarbeid

Kunnskapsområdet vil i hovudsak nytte kompetanse frå faga pedagogikk og samfunnsfag. Innhaldet byggjer vidare på den kompetansen studenten har opparbeidd seg dei to første studieåra.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om barnehagens historie og eigenart, lovverk, styringsdokumenter og internasjonale konvensjonar
  • har kunnskap om relevant forskning, ulike teoriar og metodar knytt til leiing og organisasjonsutvikling
  • har kunnskap om samarbeidsprosessar mellom barn, føresette, personalet og eksterne aktørar
  • har kunnskap om makt, medverknad, likeverd og mangfald i demokratiske prosessar i barnehagen

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leie og rettleie medarbeidarar med ulik bakgrunn og ulike føresetnader i pedagogisk arbeid og utviklingsarbeid
  • kan anvende relevant forsking i utvikling av barnehagen og barnehagelærarprofesjonen
  • kan sjølvstendig og ilag med andre planlegge, grunngje gjennomføre dokumentere og vurdere pedagogisk arbeid
  • kan analysere barnehagen som organisasjon og reflektere om eiga leiarrolle
  • kan ta i bruk ulike metoder i utviklings- og endringsprosessar

 

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i tilhøve som legg rammer for leiing av endrings- og utviklingsprosessar og kunne reflektere kritisk
  • kan leie pedagogisk arbeid og ta sjølvstendige val som fører til utvikling av barnehagens praksis
  • meistrar kommunikasjon med barn, føresette og personalet
  • kan vere i konstruktiv dialog med heimen og eksterne samarbeidspartnarar
  • kan vidareutvikle barnehagen og barnehagelærarrolla og sjå barn sin oppvekst i eit samfunn i endring

Krav til forkunnskapar

Oppflytningskrav 90 studiepoeng

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformer i kunnskapsområdet vil basere seg på førelesningar, eigenarbeid og ulike former for gruppeoppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Utviklingsarbeid; rapport

Studentane skal planlegge og gjennomføre eit seminar for barnehagelærarstudentane i andre studieåret der tema er pedagogisk leiing

Vurderingsform

3.år haust:

Individuell, munnleg eksamen Vekting: 60%

Mappeinnlevering, 1 tekst . Ved ikkje bestått tekst kan studenten forbetre den underkjente teksten. Vekting: 40%

Karakterskala A-F.