Hopp til innhald

EN312 Innovasjon, studentbedrift og berekraft 1

Emneplan for studieåret 2018/2019

Læringsutbytte

Kunnskapar
Studenten:

  • skal etter opplæringa ha kunnskap om entreprenørskap i eige fag/fagområde, med fokus på økonomi, marknadsføring, sal og entreprenørielle haldningar/ferdigheiter
  • skal få kunnskap om innovasjon - med fokus på kreativitet og kreative prosessar, utvikling av forretningside
  • skal kunna planlegga, gjennomføra og legga ned eiga studentbedrift

 

 


Ferdigheiter
Studenten kan:

  • bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap gjennom deltaking i utvikling, kvalitetssikring og realisering av nye produkt/tenester innan eigne fagområde
  • setja desse i eit miljømessig og etisk perspektiv
  • utarbeida ein forretningsplan/forretningsmodell - inkludert marknad, økonomi/rekneskap, sal/marknadsføring
  • laga stand og reklamemateriell



Generell kompetanse
Studenten kan:

  • innsikt i etiske, miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og tenester dei har utvikla innan sine fagområde
  • formidla fagleg kunnskap om produkt/teneste og prosessar dei har vore gjennom - i eigen refleksjon og i marknadsføring/sal av eigne produkt/tenester
  • kunna kommunisera og samarbeida i grupper med andre studentar, og ta ansvar for utvikling av eigen prosjektide
  • gjennom faglege nettverk dela erfaringar med andre studentar, og bidra til tverrfagleg fornying og utvikling av fagfeltet

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Undervisnings- og læringsformer

Teoretisk/praktisk innføring i tema, med vekt på dialogbaserte førelesingar, prosess/gruppearbeid og arbeid med eiga studentbedrift. Mentorar frå næringslivet.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk deltaking på førelesingane og i studentbedrift.
  • Innlevering grunnskisse forretningside.
  • Registrering av studentbedrift og innlevering av rapport forretningsplan/forretningsmodell.
  • Gjennomføring av studentbedrift - oppstart, drift og nedlegging

Vurderingsform

Sluttrapport studentbedrift, der ein reflekterer rundt innovasjonsprosess, utvikling av forretningsmodell og gjennomføring av studentbedrift. Graderte karakterar A-F