LU1-NOR315 Norsk 2a 1-7
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
I norsk 2 skal studentane få ei utvida, forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap og fagdidaktikk; dei skal arbeida meir med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. HSH har valt å leggja eit særleg fokus på munnlege sjangrar og forteljekunst i norsk 2 for 1-7.
Fagleg innhald. Konkretisering av tema:
- Norm og variasjon ¿ norsk språk skriftleg og munnleg
- Sakprosa ¿ fagbøker og lærebøker
- Tekst og danning ¿ norskfaget gjennom tidene
- Samansette tekstar
- Biletbøker/barnebøker i historisk perspektiv
Læringsutbytte
Studenten - kunnskapar:
- Har kunnskapar om språklege endringsprosessar, i fortid og samtid, om normeringsspørsmål i moderne norsk og om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar
- Har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
- Har utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytta dei i eige tekstarbeid
- Har litteraturhistorisk oversikt, kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
- Har kunnskap om kva som skjer når ein barnelitterær tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)
- ferdigheiter:
- Kan organisera og driva tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
- Kan bruka språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
- Kan vurdera og reflektera omkring ulike slags prøver i lesing og skriving og nytta resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
- Kan leggja til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane
- Kan rettleia i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikla seg sjølve, skaffa seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- Kan samanlikna tekstar skrivne for barn med omsyn til innhald, form og funksjon
- Kan setja sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng, tolke dei og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
- Kan lesa, analysera, tolka og vurdera samansette tekstar og setja dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
- generell kompetanse:
- Kan vurdera eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- Har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektera kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
Har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungera som reiskap for læring
Krav til forkunnskapar
Norsk 1, 30 stp
Tilrådde forkunnskapar
-
Undervisnings- og læringsformer
Klasseromsundervisning, fysisk og med videooverført undervisning; lærarstyrt og med studentaktivitetar.
Presentasjonar og seminarinnlegg
Munnlege og skriftlege oppgåver, individuelle og i grupper.
Tekstskaping og -vurdering.
Praksisoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjende skriftlege og munnlege studiekrav. Alle studiekrav presiseras i semesterplanen.
Vurderingsform
Mappeeksamen
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel