LU1-NOR415 Norsk 2b 1-7
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
I norsk 2 skal studentane få ei utvida, forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap og fagdidaktikk; dei skal arbeida meir med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
Innhald. Konkretisering av tema
- Skrivepedagogikk - rettleiing og vurdering av elevtekstar
- Det munnlege - munnlege tekstar, forteljing og dramatisering
- Den andre lese- og skriveopplæringa - lesestrategiar og motivasjon
Studentane vil få høve til å velja mellom følgjande fire fordjupingsemne:
- Sammensatte tekstar
- (Barne)litteraturhistorie
- Tilpassa opplæring i begynnaropplæringa
Lesing og leserettleiing
Læringsutbytte
Studenten - kunnskaper:
- Har inngåande kjennskap til teoriar omlesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
- Har kunnskap om skrivepedagogikk, og korleis dei best kan motiver og rettleia elevar i skriveprosessen
- Har kunnskap om eitt av fire valfrie emne
- ferdigheter:
- Kan rettleia elevar i lese- og skriveprosessen, slik at elevane blir kompetente lesarar og skrivarar, og får utnytta sitt potensiale
- Kan utnytta eit breitt repertoar av lesestrategiar både i norskfaget og i andre fag
- generell kompetanse:
- Er ein god lese- og skrivelærar
Kan formidla litteratur og motivera elevane til lesing og skriving
Krav til forkunnskapar
Norsk 1, 30 studiepoeng
Tilrådde forkunnskapar
Norsk 2a
Undervisnings- og læringsformer
Klasseromsundervisning, fysisk og med videooverført undervisning; lærarstyrt og med studentaktivitetar.
Presentasjonar og seminarinnlegg
Munnlege og skriftlege oppgåver, individuelle og i grupper.
Tekstskaping og -vurdering.
Praksisoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjende skriftlege og munnlege studiekrav. Alle studiekrav presiseras i semesterplanen.
Vurderingsform
Muntlig eksamen og prøveforelsening
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel