Hopp til innhald

LU1-PRA3 Praksis 3. år 1-7

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhold og oppbygning

Praksis skal vera ein integrert del av alle fagstudium i grunnskulelærarutdanningane. Praksis skal vera relevant for og integrert i alle fag, og er å sjå på som ein læringsarena på linje med undervisning på høgskulen. Alle studentane skal få undervisa i fag dei har hatt opplæring i, samtidig som praksisperiodane skal gi erfaringar med den heilskapen av fag elevane møter.

 

Praksisopplæringa skal vera rettleidd, vurdert og variert. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisopplæringa er eit felles ansvarsområde for faglærarane i lærarutdanninga (både lærarar i undervisningsfag og i pedagogikk og elevkunnskap), praksislærar og rektor.

 

Heilskapleg og samanhengande lærarutdanning, samanbinding av teori og praksis og samarbeid om rettleiing og vurdering føreset at faglærarane i lærarutdanninga tek del i eit langsiktig samarbeid med praksisinstitusjonane og med studentane om undervisning og anna praksisarbeid. Dette samarbeidet skal omfatta utveksling av kunnskap og lærarkrefter på ein måte som sikrar at aktivitets- og utviklingsoppgåver i praksisfeltet blir trekt inn i praksisførebuinga i lærarutdanningsfaga.

 

Faga i grunnskulelærarutdanningane skal vera differensierte mot dei trinna utdanninga kvalifiserar for. Utdanninga for trinn 1-7 skal leggja vekt på begynnaropplæring og fag på barnetrinnet. Det skal leggjast til rette for progresjon i opplæring av grunnleggjande ferdigheiter, frå dei lågaste til dei høgste trinna innanfor det aktuelle årstrinnsspennet for profilen, og studentane skal tileigna seg kunnskap om overgangen frå barnehage til skule og frå mellomtrinnet til ungdomstrinnet.

Skulepraksis 

 

Med skulepraksis meiner vi praksis i grunnskulen. I utdanninga for trinn 1-7 skal både trinn 1-4 og trinn 5-7 dekkjast. Skulepraksis omfattar undervisning og alle aktivitetar som er i regi av grunnskulen, som angår elevane og som til vanleg involverer lærarar. I tillegg til undervisning kan dette vera m.a. lærarmøte, skuleturar, museumsbesøk, leirskule, aktivitetsdagar, foreldremøte, samarbeidsmøte mellom skule og andre instansar, ulike prosjekt i høve til læringsarbeidet og klassemiljøet. Praksis i eit anna lands grunnskule i samband med internasjonale utvekslingsopphald eller internasjonalt semester, kan godkjennast som del av dei 100 dagane med praksis, under føresetnad av at dei ordinære krava til praksisopplæringa blir oppfylte.

 

Utdanninga skal kjenneteiknast av eit nært samspel med profesjonsfeltet og det samfunnet skulen er ein del av. Overgang barnehage ¿ skule og innsikt i barnehagen som læringsarena er viktig for god oppstart, innhald og arbeidsmåtar på dei lavaste trinna i grunnskulen. 

Deltaking på årleg forskingskonferanse ved HSH inngår som del av utdanninga.

 

Omfang 3. studieår: 30 dager

Trinn: 1.-4.

I tredje og fjerde studieår vil studentane arbeida vidare med hovudtema frå første og andre studieår. Eit nytt hovudtema for praksisopplæringa for tredje og fjerde studieår er skulen som organisasjon, det profesjonelle fellesskapet og samarbeid med føresette og andre sentrale instansar utanfor skulen. Dette omhandlar:

- Læraren sine rettar og plikter, lærararbeidet på organisasjonsnivå

og i profesjonelle fellesskap

- Skule- og elevdemokrati, føresette og elevars rettar

- Samarbeid med føresette, PPT og andre aktørar

- Kvalitetssystem som verktøy for læring og skuleutvikling

- Samarbeid med lokalmiljøet med vekt på entreprenørskap

- Overgangar mellom trinna

- Forskningsbasert kunnskap som utgangspunkt for endring og utvikling i skulen

- Lokalt læreplan- og utviklingsarbeid

Læringsutbytte

KUNNSKAP

 

Studenten

  • har kunnskap om kvalitetssystem som verktøy for læring og skuleutvikling
  • har kunnskap om læraren sine rettar og pliktar og om lærararbeidet på organisasjonsnivå
  • har kunnskap om forsknings- og utviklingsarbeid i skulen
  • har kunnskap om skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon

 

 

FERDIGHEITER

 

Studenten

  • kan sjølvstendig og saman med andre planleggja, gjennomføra og vurdera undervisning for elevgrupper av ulik storleik
  • kan sjølvstendig og saman med andre planleggja, gjennomføra og vurdera begynnaropplæring
  • kan planleggja undervisning med utgangspunkt i planar for ulike periodar
  • kan planleggja og vurdera foreldremøte og utviklingssamtalar med elevar
  • kan delta i lokalt læreplanarbeid
  • kan samhandla med kollegaer, skuleleiing, føresette og andre aktørar i skulen
  • kan med basis i teori og forskning identifisera mobbing og trakassering og drøfta måtar dette kan handterast på
  • kan med basis i teori vurdera og bidra til utvikling av skulens læringsmiljø

 

 

GENERELL KOMPETANSE

 

Studenten

  • kan vurdera skulen i høve til samfunnsmandatet
  • har utvikla kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • har utvikla læraridentitet basert på profesjonelle og yrkesetiske perspektiv
  • har kritisk distanse til eiga yrkesutøving
  • har kunnskap, engasjement og metodar for å vidareutvikla seg sjølv, sitt yrke og framtidig arbeidsplass gjennom kollegialt samarbeid og samhandling med eksterne aktørar

Krav til forkunnskaper

Bestått praksis 1. og 2. år

Anbefalte forkunnskaper

-

Undervisnings- og læringsformer

Utover i studiet vil planlegging, gjennomføring og vurdering av meir samanhengjande undervisningsøkter stå sentralt. Studentane skal bli kjende med skulen slik han er i dag, korleis han fungerer som organisasjon, korleis han er utstyrt, korleis dagens lærarar arbeider og lærer. I samband med bacheloroppgåva 3. studieår vil det vera naturleg med ei innføring i vitskapleg metode og FoU-arbeid. Dette arbeidet skal vera eit samarbeidsprosjekt mellom det nye pel-faget, andre undervisningsfag på høgskulen og praksisfeltet.Gjennom praksisopplæringa vil ein leggja opp til ein refleksjonsprosess der studentane må gjera greie for sine val med omsyn til planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring. Dette skal skje ved at studentane tek i bruk ei individuell, skriftleg praksismappe. Denne skal følgja studentane gjennom heile praksisopplæringa og innehalda relevant dokumentasjon av studentane sitt arbeid i praksisperiodane. Det viktigaste med praksismappa er at ho inneheld refleksjon om eiga læring i praksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjent praksisperiode høstsemester  

Vurderingsform

Avsluttende vurdering 2. semester. Bestått 3- års praksis forutsetter godkjent praksis i høstsemester. 

Hjelpemidler ved eksamen

-

Mer om hjelpemidler