Hopp til innhald

LU2-PRA3 Praksis 3. år 5-10

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhold og oppbygning

 Praksis skal vere ein integrert del av alle fagstudium i grunnskulelærarutdanningane. Praksis skal vere relevant for og integrert i alle fag, og er å sjå på som ein læringsarena på linje med undervisning på høgskolen. Alle studentane skal få undervisa i fag dei har hatt opplæring i, samtidig som praksisperiodane skal gi erfaringar med den heilskapen av fag elevane møter.

 

 

Praksisopplæringa skal vere rettleidd, vurdert og variert. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisopplæringa er eit felles ansvarsområde for faglærarane i lærarutdanninga (både lærarar i undervisningsfag og i pedagogikk og elevkunnskap), praksislærar og rektor.

 

 

Heilskapleg og samanhengande lærarutdanning, samanbinding av teori og praksis og samarbeid om rettleiing og vurdering føreset at faglærarane i lærarutdanninga tek del i eit langsiktig samarbeid med praksisinstitusjonane og med studentane om undervisning og anna praksisarbeid . Dette samarbeidet skal omfatta utveksling av kunnskap og lærarkrefter på ein måte som sikrar at aktivitets- og utviklingsoppgåver i praksisfeltet blir trekt inn i praksisførebuinga i lærarutdanningsfaga.

 

Faga i grunnskulelærarutdanningane skal vera differensierte mot dei trinna utdanninga kvalifiserar for. I utdanninga for trinn 5-10 skal hovudvekta leggjast på spesialisering og fordjuping i fag. Det skal leggjast til rette for progresjon i opplæring av grunnleggjande ferdigheiter, frå dei lågaste til dei høgste trinna innanfor det aktuelle årstrinnsspennet for profilen, og studentane skal tileigna seg kunnskap om overgangen frå småskuletrinnet til mellomtrinnet, og frå ungdomstrinnet til vidaregåande.

Skulepraksis 

 

Med skulepraksis meiner vi praksis i grunnskulen. I utdanninga for trinn 5-10 skal både trinn 5-7 og trinn 8-10 dekkjast. Skulepraksis omfattar undervisning og alle aktivitetar som er i regi av grunnskulen, som angår elevane og som til vanleg involverer lærarar. I tillegg til undervisning kan dette vera m.a. lærarmøte, skuleturar, museumsbesøk, leirskule, aktivitetsdagar, foreldremøte, samarbeidsmøte mellom skule og andre instansar, ulike prosjekt i høve til læringsarbeidet og klassemiljøet. Praksis i eit anna lands grunnskule i samband med internasjonale utvekslingsopphald eller internasjonalt semester, kan godkjennast som del av dei 100 dagane med praksis, under føresetnad av at dei ordinære krava til praksisopplæringa blir oppfylte.

 

 

Utdanninga skal kjenneteiknast av eit nært samspel med profesjonsfeltet og det samfunnet skulen er ein del av. Overgang grunnskule vidaregåande skule og innsikt i skuleslaget sine linjeval, arbeidsmåtar og innhald er viktig kompetanse for lærar som arbeidar på ungdomstrinnet.

Deltaking på årleg forskingskonferanse ved HSH inngår som del av utdanninga.

 

 

 

Omfang 3. studieår: 30 dager

Trinn: 8.-10.

 

 

I tredje og fjerde studieår vil studentane arbeida vidare med hovudtema frå første og andre studieår. Eit nytt hovudtema for praksisopplæringa for tredje og fjerde studieår er skulen som organisasjon, det profesjonelle fellesskapet og samarbeid med føresette og andre sentrale instansar utanfor skulen. Dette omhandlar:

- Læraren sine rettar og plikter, lærararbeidet på organisasjonsnivå

og i profesjonelle fellesskap

- Skule- og elevdemokrati, føresette og elevars rettar

- Samarbeid med føresette, PPT og andre aktørar

- Kvalitetssystem som verktøy for læring og skuleutvikling

- Samarbeid med lokalmiljøet med vekt på entreprenørskap

- Overgangar mellom trinna

- Forskningsbasert kunnskap som utgangspunkt for endring og utvikling i skulen

- Lokalt læreplan- og utviklingsarbeid

Læringsutbytte

KUNNSKAP

 

 

Studenten

  • har kunnskap om kvalitetssystem som verktøy for læring og skuleutvikling
  • har kunnskap om læraren sine rettar og plikter og om lærararbeidet på organisasjonsnivå
  • har kunnskap om forsknings- og utviklingsarbeid i skulen
  • har kunnskap om skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon

 

 

FERDIGHEITER

 

Studenten

  • kan sjølvstendig og saman med andre planleggja, gjennomføra og vurdera undervisning for elevgrupper av ulik storleik
  • kan planleggja, gjennomføra og vurdera opplæringa i faga
  • kan planleggja undervisning med utgangspunkt i planar for ulike periodar
  • kan planleggja og vurdera foreldremøte og utviklingssamtalar med elevar
  • kan delta i lokalt læreplanarbeid
  • kan samhandla med kollegaer, skuleleiing, føresette og andre aktørar i skulen
  • kan med basis i teori og forskning identifisera mobbing og trakassering og drøfta måtar dette kan handterast på
  • kan med basis i teori vurdera og bidra til utvikling av skulens læringsmiljø

 

 

GENERELL KOMPETANSE

 

Studenten

  • kan vurdera skulen i høve til samfunnsmandatet
  • har utvikla kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • har utvikla læraridentitet basert på profesjonelle og yrkesetiske perspektiv
  • har kritisk distanse til eiga yrkesutøving
  • har kunnskap, engasjement og metodar for å vidareutvikla seg sjølv, sitt yrke og framtidig arbeidsplass gjennom kollegialt samarbeid og samhandling med eksterne aktørar

Krav til forkunnskaper

Bestått 1. og 2. års praksis

Anbefalte forkunnskaper

-

Undervisnings- og læringsformer

HVL skal tilby ei heilskapleg og samanhengjande lærarutdanning over 4 år med stor vekt på samanbinding av teori og praksis. Frå ei kort innføringsøkt med fokusert observasjon skal studentane 1. studieår via ei rolle som hjelpelærar gradvis kunna overta undervisning i einskilde timar.

 

 

Utover i studiet vil planlegging, gjennomføring og vurdering av meir samanhengjande undervisningsøkter stå sentralt. Studentane skal bli kjende med skulen slik han er i dag, korleis han fungerer som organisasjon, korleis han er utstyrt, korleis dagens lærarar arbeider og lærer.

 

 

I samband med bacheloroppgåva 3. studieår vil det vera naturleg med ei innføring i vitskapleg metode og FoU-arbeid. Dette arbeidet skal vera eit samarbeidsprosjekt mellom det nye pel-faget, andre undervisningsfag på høgskulen og praksisfeltet.

 

 

Under heile utdanninga vil det vera viktig å laga rammer for og stimulera til refleksjon rundt kva det vil seia å vera lærar. Danning, i tydinga kritisk refleksjon og profesjonsforståing, vil såleis stå sentralt i studentane si utvikling. Dette skal skje ved at studentane tek i bruk ei individuell, skriftleg praksismappe. Denne skal følgja studentane gjennom heile praksisopplæringa og innehalda relevant dokumentasjon av studentane sitt arbeid i praksisperiodane. Det viktigaste med praksismappa er at ho inneheld refleksjon om eiga læring i praksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjent praksisperiode høstsemester 

Vurderingsform

Avsluttende vurdering 2. semester. Bestått 3.- års praksis forutsetter godkjent praksis i høstsemester.  

Hjelpemidler ved eksamen

-

Mer om hjelpemidler