Hopp til innhald

MS1-301 Vitskapsteori

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet tek utgangspunkt i vitskapsteori som systematiske studiar av og systematisk refleksjon over vitskapleg verksemd og vitskapleg kunnskap. Ein måte å definere vitskap på er å seie at det er ein type systematisk og sosialt organisert søking etter, produksjon av, samt forvaltning og kommunikasjon av kunnskap og innsikt. Sentrale spørsmål som blir omhandla i dette emnet er kva vitskapleg kunnskap er, og kva som eventuelt skil slik kunnskap frå andre former for kunnskap. I dette inngår spørsmålet om det er vesentlege ulikskapar mellom vitskapleg kunnskap og kunnskap i dagleglivet eller i kvardagskunnskap, og om det finst fundamentale ulikskapar mellom ulike faggrupper, til dømes naturvitskapar og humanvitskapar. Emnet vektlegg at vitskapsteoretisk analyse og refleksjon krev ei evne til å ta eit steg attende og tenkje over sitt eige fag frå andre faglege perspektiv. Emnet inneheld også skriveseminar med vekt på informasjonskompetanse, kritisk vurdering av artiklar, skriving samt framstilling og formidling av akademisk tekst.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne har /kan studenten

Kunnskap

  • inngåande kunnskap om ulike vitskapsteoretiske posisjonar og omgrep
  • inngåande kunnskap om og kritisk kunne reflektere over samt drøfte viktige vitskapsteoretiske problem i eige fagfelt

Ferdigheiter

  • analysere og halde seg kritisk til ulike metodologiske debattar

Generell kompetanse

  • systematisk og kritisk reflektere over grensene for eigen kompetanse og eige fag
  • vise innsikt i formidling og forståing av akademisk tekst

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, sjølvstudium. Individuelt skriftleg arbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på skriveseminar. Seminar med framlegg og diskusjon kring vitskapsteoretiske spørsmål.

Vurderingsform

Individuell skriftleg oppgåve kring eit sentralt vitskapsteoretisk spørsmål. Omfang 2000 ord +/- 10%. Gradert karakter A-F