Hopp til innhald

OR2-100 Ingeniørfagleg innføringsemne

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Kjemi (ca 2,5 sp) -   periodisk system, atom og grunnstoff, namnsetjing, kjemiske bindingar, reaksjonslikningar, rekning med støkimetri, løysingar. Miljølære (ca 5 sp inkl prosjektarbeid) - miljøstyring, energi, arbeidsmiljø, globale, regionale og lokale miljøutfordringar, årsaker, status og tiltak. Prosjektarbeid Presentasjonsteknikk/formidling, rapportskriving Innføring i ingeniørrollen, studieteknikk, informasjonssøking og -bruk, digital kompetanse, problemløysing, internasjonalisering, etikk, innovasjon/kreativitet

Læringsutbytte

  • Studentane har fått innsikt i arbeidsområde og arbeidsmåtar for ingeniørar. Dei har sett at ingeniørar må arbeide analytisk, strukturert, målretta og innovativt, og er bevisst konsekvensar av teknologiske løysingar både frå eit samfunnsmessig, miljømessig og etisk perspektiv. Studentane er blitt kjent i studiemiljøet og ingeniørprogramma og har utvikla fagleg tilhøyrigheit og tryggheit i studiesituasjonen. Studentane har fått kjennskap og innsikt i deler av kjemifaget som grunnlag for miljølære, og kjenner omgrep, samanhengar og utfordringar på miljøfeltet og kan reflektera over sin rolle som ingeniør.

Kandidaten:

Kunnskap

  • har grunnleggande forståelse for ingeniørprofesjonen og elektroingeniøren sin rolle i samfunn og arbeidsliv
  • er kjent med vitskapleg arbeidsmetode har basiskunn skaper om prosjekt som arbeidsform
  •  kjenner de grunnleggende prinsippene i effektiv studieteknikk
  •  kjenner relevante faglege informasjonskjelder og reglar for kjeldebruk
  •  kjenner til teknologiens historie og utvikling med vekt på elektroteknologi og miljøteknologi , ingeniørens rolle i samfunnet og konsekvenser av utvikling og bruk av teknologi.
  •  har kjennskap til og innsikt i deler av kjemifaget som grunnlag for miljølære.
  •  kan gjere greie for globale, regionale og lokale miljøutfordringar
  • kjenner til ulike former for lovpålagte og frivillige system for miljøstyring med omsyn til ytre miljø og arbeidsmiljø
  • kjenner ressursforsyningar og utfordringar, spesielt med omsyn til energi
  • har spesiell innsikt i miljøproblemstillingar knytt til ei verksemd/bransje

Ferdigheiter

  • kan anvende kunnskap og relevante resultater på miljøfeltet fra offentlige informasjonskanaler og fra relevant forsknings- og utviklingsarbeid for å gjennomføre og begrunne sine valg på generelle og elektrofaglige problemstillinger
  • kan planlegge, gjennomføre og formidle enkle prosjekt

Generell kompetanse

  • har fått grunnlag for innsikt i miljømessige, helsemessige og samfunnsmessige konsekvenser av produkter og løsninger innenfor sitt fagområde og å sette disse i et etisk perspektiv og et livsløpsperspektiv
  • er kjent med hvordan han kan dele sine kunnskaper og erfaringer med andre, både skriftlig og muntlig, på engelsk og norsk, og kan samarbeide i gruppe
  • er i stand til å organisere, planlegge og gjennomføre sin studietid, både individuelt og i samarbeid med andre

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, øvingar, prosjekt, næringslivskontakt

Obligatorisk læringsaktivitet

Prosjekt med dokumentasjon og munnleg presentasjon av prosjektresultat Deltaking på spesifiserte førelesingar og øvingar alternativt innleveringar etter avtale. 

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 t. Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator. Tabell:John Haugan: Formler og tabeller . NKI-forlaget . Eksamenssekretariatet: Tabellar og formlar i kjemi, Gyldendal.

Meir om hjelpemiddel