Hopp til innhald

SA6-410 Politikk, styring og endring i utdanningssektoren

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studentane kunnskap om bakgrunnen for og utforminga av utdanningspolitikken og kunnskap om det norske utdanningssystemet som iverksettingsorgan for utdanningspolitikk. Emnet tek opp teoriar om styring, utforming og iverksetjing av offentleg politikk og politikkutforming i fleirnivåsystem, og korleis dette dannar ein kontekst for leiarar og leiarskap i utdanningsorganisasjonar. Søkjelyset blir retta mot aktuelle utdanningspolitiske spørsmål i barnehage, grunnutdanning og høgare utdanning. Eit institusjonelt perspektiv blir brukt for å analysere endring, omstilling og reformer i offentleg sektor spesielt og utdanningssektoren generelt. Stortingsmeldingar og offentlege utgreiingar er sentrale kjelder.

Læringsutbytte

 

Studenten skal

  • ha kunnskap om offentleg politikk og om det norske utdanningssystemet som iverksettingsorgan for utdanningspolitikk
  • ha kunnskap om organisasjonar og offentleg forvaltning som institusjonar
  • ha avansert kunnskap om reformer og ulike styringsideologiar innan offentleg sektor
  • ha kunnskap om korleis internasjonale og nasjonal politiske føringar påverkar institusjonen dei arbeider innanfor
  • ha kunnskap om profesjonar og om tilhøvet mellom politikk, administrasjon og profesjon

 

 

Studenten skal

  • kunne analysere offentleg politikk generelt og utdanningspolitiske spørsmål spesielt
  • kunne analysere endring, omstilling og reformer
  • kunne analysere sentrale utviklingstrekk i utdanningssektoren og drøfte korleis dette påverkar konteksten for leiing og profesjonsutøving i sektoren

 

 

Studenten skal

  • med utgangspunkt i ovannemde kunnskapar og ferdigheiter ha generell kompetanse i å analysere konteksten for leiing og profesjonsutøving i offentleg forvaltning generelt og leiing og profesjonsutøving i utdanningssektoren spesielt, og reflektere over korleis dette kan omsettast i ein lokal kontekst. 

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gruppearbeid og caseoppgåver. Individuell rettleiing i utarbeiding av tekst til mappeinnlevering

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav nr. 5a i studieplanen: Fire korte læringsnotat (800-1200 ord) utarbeidde mellom samlingane.

 

Arbeidskrav nr. 5b i studieplanen: Ein litt større tekst der studenten drøftar eigen læringsprosess (2000-3500 ord).

 

Arbeidskrav 5a og 5b må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen 

 

Det blir gitt nærare informasjon om innhald i arbeidskrava. Sjå studieplanen for meir informasjon om korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga.

 

Eit arbeidskrav er gyldig dei fire påfølgjande semester.  Ut over dette må studenten søkje spesielt om godkjenning.

Vurderingsform

Oppgåve om utdanningspolitiske spørsmål og/eller utfordringar der studenten nyttar relevante teoriar og omgrep frå emnet. Oppgåva skal løysast individuelt ( om lag 6000 ord) eller i gruppe på 2-3 studentar. Omfanget blir utvida dersom oppgåva er eit gruppearbeid (8000-10000 ord).

 

Bokstavkarakter. Vurdering ut frå gitte kriterium.

 

Ved stryk skal omarbeidd oppgåve bli levert inn.

 

Dersom studenten ønskjer å forbetre ein karakter, kan omarbeidd oppgåve bli levert inn neste gong eksamen i emnet blir arrangert.