Hopp til innhald

MIDR502 Bevegelse, læring og folkehelse

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet søkjer tverrfagleg kunnskap om fysisk aktivitet og læring av bevegelse i kvardagsliv, idrett, kroppsøving og friluftsliv. Det tek opp fleire problemstillingar, omgrep, teoriar og praktiske døme som går ut frå tre hovudspørsmål:

  • Kva betyr det å vera og å læra i bevegelse?
  • Kvifor vera fysisk aktiv?
  • Korleis kan kunnskap om fysisk aktivitet og læring av bevegelse letta arbeidet med å fremja gode aktivitetsvanar i idrett og samfunn?

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskapar om korleis ein kan studera og definera bevegelse frå subjektive og objektive perspektiv
  • kan grunngje betydinga av idrett og fysisk aktivitet for individ og samfunn frå natur- og samfunnsvitskaplege tilnærmingar
  • kan vurdera forholdet mellom teoretisk og praktisk kunnskap i tilknyting til fysisk aktivitet og kroppsleg læring
  • har inngåande kunnskapar om kroppen som eit heilskapleg system
  • har inngåande kunnskapar om korleis bevegelse varierer i ulike kontekstar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og vurdere vitskapleg arbeid og andre informasjonskjelder relevante til bevegelse, læring og folkehelse
  • kan bruka ulike målemetodar og evalueringsformer av fysisk aktivitet
  • kan bruka kunnskap om korleis læring av bevegelse kan virka saman med utfordringar i folkehelsa for å skapa gode aktivitetsvanar i samfunnet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisera om sentrale problemstillingar frå lærings- og folkehelsefeltet med både spesialistar og allmenta
  • kan sjå samanhengar i emnet og på bakgrunn av dette utvikla eigne spørsmål og hypotesar om fysisk aktivitet og læring av bevegelse

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid. Det blir lagt opp til 2-3 obligatoriske plenumssamlingar i veka, dels med førelesing og dels med studentframlegging. Studentane får framleggings- og innleveringsoppgåver gjennom emnet som skal stimulera til studentaktiv læring.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har tre arbeidskrav:

(1) Aktiv deltaking på obligatoriske seminar der studentane legg fram og drøftar fagartiklar, arbeider i testlaboratorium eller sal og fungerer som fagfelle på medstudenttekst

(2) Ei individuelt skriftleg innlevering over sjølvvalt og godkjent problemstilling (8-10 sider)

(3) Ein presentasjon i gruppe over eit oppgitt tema (20 min. presentasjon med diskusjon etterpå)

Vurderingsform

Heimeeksamen: Individuell skriftleg eksamen. Tid: 15 dagar

Arbeidet vert vurdert med gradert karakter A-F.