Hopp til innhald

SA514 Samtidshistorie

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Tida etter 1991 har vore dominert av store fortellingar som til dømes globalisering og postmodernitet. Emnet skal gi innsikt i kva som ligg i slike omgrep og diskutere dei med utgangspunkt i konkrete historiske og samtidige hendingar, særleg i Noreg, men også i andre delar av verda.

Læringsutbytte

Etter å ha fullført emnet:

Kunnskap

- kan studenten gjere greie for korleis verda og særleg Noreg utviklar seg etter 1991

- kjenner studenten til metodiske og teoretiske utfordringar knytt til å studere den nære fortida og kunna definere og anvende relevante omgrep innan samtidshistorie

Ferdigheiter

- kan studenten analysere historiske og samtidige kjelder og setje konkrete historiske hendingar i ein større kontekst

- kan studenten forholde seg kritisk til samtidshistoriske kjelder

Generell kompetanse

- kan studenten skrive ein tekst om eit historiefagleg tema etter definerte vitenskaplege kriterium, og basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane

- kan studenten bruke relevante faglege perspektiv til å forholde seg til aktuelle problemstillinger

- har studenten tileigna seg evna til å få innsikt i dagsaktuelle tema

Krav til forkunnskapar

SA503 Frå antikken til den franske revolusjonen og SA504 Nasjonalisme, imperialisme og demokratisering. Verda frå 1800-1991

Tilrådde forkunnskapar

SA503 Frå antikken til den franske revolusjonen og SA504 Nasjonalisme, imperialisme og demokratisering. Verda frå 1800-1991

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, fordjupingsseminar, skriftleg oppgåve og sjølvstudium. Seminara vert leia av faglærar der studentane skal drøfte sentrale tema frå førelesing. Det er såleis ein føresetnad at studenten er førebudd til seminaret.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Studenten skal skrive ei skriftleg oppgåve som inngår som ein del av sluttvurderinga i emnet. Oppgåva skal kommenterast skriftleg av faglærar undervegs, i tillegg skal studenten leggje fram utkast på seminar for diskusjon mellom studentar og faglærar..Mappe sensurert med førebels greidd karakter

Munnleg høyring i pensum. Samla karakter eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Mappe med tilgang til litteratur

Meir om hjelpemiddel