Hopp til innhald

MASA630 Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Masteroppgåva skal vise korleis samfunnsarbeid som teori og metode kan bidra til å påverke vilkår for sosial deltaking for ei gruppe menneske knytt til eit fellesskap (til dømes interesse, geografisk, organisatorisk) på ein eller fleire sosiale arenaer som er relevante for dei. Mastergradarbeidet kan være en undersøking av teoretiske, praktiske eller metodiske sider ved samfunnsarbeid som handling.

Mastergradsarbeidet kan være eit frittståande arbeid eller gå inn som ei avgrensa men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt, eller byggje på tilgjengelege data frå avslutta forskningsprosjekt eller registerdata.

Masteroppgåva kan skrivast som eit individuelt prosjekt eller som eit fellesprosjekt for to studentar. Når to studentar skriv felles masteroppgåve, må det gå tydeleg fram av arbeidet korleis dei har arbeid saman. Studentane har eit sjølvstendig ansvar for å vise korleis begge har bidrege til det ferdige produktet.

Elles gjeld og høgskulens eigne retningslinje for masteroppgåva som ligg på nettsidene om eksamen.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten:

Kunnskapar:
Studenten...

  • har inngåande kunnskap om samfunnsarbeidet sitt grunnlag, teoriar og metodar, og kan anvende desse innanfor fagområdet
  • har spesialisert innsikt i det teoretiske og empiriske feltet som mastergradsoppgåva handlar om

Ferdigheiter
Studenten...

  • kan analysera og halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder, og bruke desse til å strukturera og formulera faglege argument
  • kan arbeide sjølvstendig med teoretiske og praktiske oppgåver
  • kan bruke relevante forskingsmetodar til å analysera vitskaplege problemstillingar

Generell kompetanse:
Studenten...

  • har erfaring og kompetanse til å utforme ei forskbar problemstilling, planlegge forskingsarbeidet, gjennomføre forskingsprosessen og dokumentere dette i tråd med ålment aksepterte vitskapelege standardar.
  • bidrar til kunnskapsutvikling i samfunnsarbeid gjennom å identifisera handlingsrom og vilkår for sosial deltaking
  • kan presentera og formidla denne kunnskapen munnleg og skriftleg til fagfeller og til dei det gjeld

Krav til forkunnskapar

-

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidet med masteroppgåva går føre i tredje og fjerde semester. Student og rettleiar skal utarbeide og underskrive rettleiingsavtale ifølgje det til ei kvar tid gjeldande regleverket ved høgskulen. Avtalen følgjer studenten.

Sjølvstudium, skriveseminar, tekstseminar, sluttseminar. Gi og få tilbakemeldingar på eigne og andre sine tekstar. Det er utarbeidd egne retningslinjer for masteroppgåva når det gjeld form og tekniske krav.

Obligatorisk læringsaktivitet

Sluttseminar må være gjennomført før innlevering.

Vurderingsform

Eksamen

Masteroppgåve. Sjå eige dokument for formelle og tekniske krav.

Vurderingsuttrykk

Karakterskala A - F.

Gjennomføring av kontinuasjon

Dersom masteroppgåva vert vurdert med karakteren F må studenten bearbeia oppgåva til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel