Hopp til innhald

MS1-310 Lindrande behandling, pleie og omsorg 1

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Studiet er organisert som eit deltidsstudium over to semester med 10 samlingsdagar fordelt på tre samlingsveker.

Menneske med sjukdom som ikkje kan lækjast vil ha trong for både behandling, pleie og omsorg. Denne vidareutdanninga tek mål av seg til å dekkje delar av dette komplekse fagfeltet. 

Mykje av den kunnskapen og dokumentasjonen vi har i dag om lindrande behandling, pleie og omsorg er knytt til kreftpasientar. Dette emne er første av to emne om lindrande behandling. I dette emne er fysisk symptomlindring retta mot kreftpasienten i fokus, samt psykiske, sosiale og kulturelle behov for alle pasientgrupper med behov for lindrande behandling i siste livsfase.

I det andre emne «Lindrande behandling, pleie og omsorg 2» vert fysisk symptomlindring for pasientar med progredierande nevrologiske lidingar, eldre og andre alvorlege kroniske sjukdomar løfta fram.

Vidareutdanning i Lindrande behandling, pleie og omsorg er tverrfagleg. 

Emnet er bygd opp omkring tre tema:

 

  • Å leve med alvorleg, uhelbredeleg sjukdom
  • Håp og meining
  • Pårørande sin situasjon

 

  • Kommunikasjon og relasjon
  • Egen rolle som hjelper og i samhandling med andre

 

  • Smertefysiologi og smertekartlegging
  • Prinsipp ved smertelindring
  • Smertestillande medikament
  • Anna smertebehandling
  • Symptomlindring til døande
  • Uro, delir, angst og depresjon
  • Kartlegging, utgreiing og behandling av symptom

 

  •  
    • Truande tverrsnittlammingar
    • Endringar i blodbiletet
    • CNS, tumor, metastase

  •  
  •  

 

Læringsutbytte

 

  • avansert kunnskap om og innsikt i korleis den sjuke og pårørande opplever å leve med sjukdom
  • avansert kunnskap om behov for omsorg, støtte og behandling til uhelbredeleg sjuke pasientar og deira pårørande
  • spesialisert kunnskap om kommunikasjon og samhandling med pasient, pårørande og det tverrfaglege teamet
  • avansert kunnskap om kartlegging og lindring av plagsame symptom ved alvorleg uhelbredeleg kreftsjukdom, gjennom sjukdomstida og den siste levetida

 

  • kan analysere, vurdere og setje i verk tiltak i høve uhelbredeleg sjuke pasientar og pårørande sine behov for omsorg og støtte
  • kan nytte relevante metodar for kommunikasjon og samhandling med pasient, pårørande og i det tverrfagleg teamet
  • kan nytte relevante instrument for systematisk kartlegging og vurdering av symptom ut frå eit heilskapleg perspektiv

  • kan analysere og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap i utøving av palliativ verksemd
  • kan analysere og vurdere pasient og pårørande sine behov utifrå eit heilskapleg menneskesyn

 

Krav til forkunnskapar

3- årig helse- eller sosialfagleg utdanning og minimum eitt års relevant klinisk erfaring etter fullført utdanning. Deltidsarbeid blir omrekna til heiltid. Søkjarar med anna høgskule- eller universitetsutdanning og søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskild vurdering.

Undervisnings- og læringsformer

Læring er ein aktiv prosess med vekt på ulike former for kunnskap og faginnhald, og studiet skal inspirere til aktiv studentdeltaking. Praksis og eiga erfaring før studiet er ei viktig kunnskapskjelde.

Studiet vert organisert som samlingsbasert deltidsstudium og gjev difor gode rammer for refleksjon og arbeid med fagstoffet over tid. 

 

Det vil bli brukt varierte arbeidsformer for å nå læringsutbyta for studiet, til dømes førelesningar, seminar, sjølvstudium, arbeidskrav og gruppearbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

80% frammøte til fellessamlingane. 

 

Eit skriftleg arbeid med framlegg som kan gjennomførast individuelt eller i gruppe. Max 2000 ord

.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen  - 3000 ord +/- 10%. Vurderingsform: Greidd/ikkje greidd

 

Ved "ikkje greidd" kan studenten arbeide vidare med oppgåva til ny innlevering.