Hopp til innhald

PR141 Rettleiing 2 for pedagogar i barnehagen

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

  • Ulike og nyare teoriar og metodar i rettleiing
  • Kommunikasjon, relasjon og samspel
  • Etiske dilemma og makttilhøve
  • Lærande organisasjonar
  • Perspektiv knytt til endring av eiga yrkesrolle og utvikling av profesjonelle læringsfellesskap
  • Forsking knytt til rettleiing i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om ulike rettleiingstradisjonar og forståing for korleis ulike perspektiv på læring har følgjer for rettleiinga til studentar
  • har kunnskap om korleis vi kan inkludere studentar i eit kritisk reflekterande fellesskap
  • har kunnskap om etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i barnehagelæraryrket
  • har kunnskap om rettleiing som grunnlag for læring i barnehagen
  • har kunnskap om sentrale trekk i kommunikasjonen i ein rettleiande samtale

Ferdigheiter

Studenten 

  • kan bruke relevante rettleiingsmetodar på ein måte som fremjar refleksjon, læring og mestringskompetanse hos studenten
  • kan nytte forskingsbasert kunnskap om barnehage i rettleiingssamanheng
  • kan legitimere planar, gjennomføring og analysar i rettleiingssamanheng ut frå relevante faglege og teoretiske perspektiv

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage
  • har innsikt i relevante etiske problemstillingar knytt til rettleiingsfeltet
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med bakgrunn i fagområdet og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan rettleiing av studentar

Krav til forkunnskapar

Fullført barnehagelærarutdanning og gjennomført Rettleiing- og mentorutdanning 1 (15 sp) eller Rettleiing, innføring (15 sp).

Undervisnings- og læringsformer

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer, og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet vektlegg bruk og vidareutvikling av ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring og kunnskapar som er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi. Emnet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå i barnehagen. Det er til saman tre todagarssamlingar på høgskulen. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som førelesing, øvingar på rettleiing i grupper, obligatoriske studentframlegg og plenumsdiskusjonar.

Mellom samlingane vil det vere rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper.

Undervegsvurdering

Vurdering er ein sentral del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå lærarane på studiet og medstudentar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk deltaking på tre todagarssamlingar
  • Deltaking på tre samlingar i nettverksgrupper
  • Innlevering av dokumentasjon i form av ei oppgåve basert på eit pedagogisk utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass. Arbeidskravet er eit første steg mot avsluttande eksamen. Oppgåva skal munne ut i ei problemstilling som skal arbeidast vidare med i den endelege eksamensoppgåva (sjå punktet Vurdering og eksamen). Studenten får rettleiing på oppgåva av faglærar frå høgskulen og får tilbakemeldingar frå medstudentar. Oppgåva skal vere på maksimum 2250 ord
  • Analyse og refleksjon av fire videoopptak knytt til eiga rettleiing

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen over 10 dagar på minimum 3000 ord, maksimum 3500 ord. Oppgåva er ein metatekst basert på oppgåveteksten som er innlevert i studiet (sjå arbeidskrav, kulepunkt tre). Det vert synt til gjeldande eksamensreglement ved HVL. Vekting: 60%

Munnleg eksamen i nettverksgruppene med utgangspunkt i videoopptak av eigen praksis. Vekting: 40%. Gruppa får ein samla karakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel