Hopp til innhald

PU313 Skulen i samfunnet

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Skulen som organisasjon

Skulen i samfunnet

Barn i utsette livssituasjonar

Pedagogisk utviklingsarbeid

Vurdering av kompetanse

Læringsutbytte

Ved  fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om skulen i eit samfunnsperspektiv, skulen si rolle i samfunnet
  • har kunnskap om samisk kultur/urfolk og skulen i eit fleirkulturelt perspektiv
  • har kunnskap om lærande organisasjonar og skulekulturar
  • har kunnskap om inkludering av barn og unge med særskilde behov, og samarbeid internt og eksternt
  • har kunnskap om endringsarbeid og innovasjon

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre pedagogisk utviklingsarbeid
  • kan analysere eiga og felles kompetanse i gruppa/organisasjon
  • kan grunngje og utvikle sin faglege kompetanse og fag-yrkesdidaktiske forståing og pedagogisk praksis ut ifrå eit samfunnsperspektiv
  • kan drøfte samfunnsoppgåver, verdigrunnlag og målsetjingar i skulen
  • kan leggje til rette for læring i ein fleirkulturell skule

 

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i skulen som organisasjon
  • har evne til å samarbeide med føresette, og på tvers av profesjonar
  • har evne til å reflektere over eiga profesjonsutvikling og profesjonsutøving
  • har evne til å vidareutvikle eigen profesjonskunnskap
  • har evne til å møte framtidige utfordringar i skule, arbeid- og samfunnsliv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert lagt vekt på varierte arbeidsmåtar som skal bidra til at studentane reflekterer og ser samanhengen mellom teori og praksis. Arbeidsmåtane skal stimulera til ansvar for eiga og andre si læring. Det vert ei veksling mellom fellesundervisning, gruppeundervisning, rettleiing, individuelt arbeid og sjølvstudium. Canvas er eit viktig kommunikasjon og læringsverktøy i studiet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Gjennomføre eit utviklingsprosjekt.

Presentasjon av refleksjonsnotat med utgangspunkt i praksis.

All undervisning er obligatorisk (80 %)

 

Det vert laga mal for arbeidskrava som seier noko om mål, innhald, form, omfang, vurderingskriterium og rettleiing.

Vurderingsform

Mappe: Innlevering av ei individuell skriftleg oppgåve

Vekting:50 %

Det vert laga mal for mappeeksamen som seier noko om mål, innhald, form, omfang, vurderingskriterium og rettleiing.

Ved stryk må studenten levere ny tekst.

Ved forbetring av mappa må studenten levere omarbeidd tekst.

 

Munnleg, individuell eksamen. Den munnlege eksamen tek utgangspunkt i begge emna og sentrale tema i pedagogikk og fagdidaktikk. 

Vekting:50 %

 

Det vert gjeve gradert karakter etter skalaen A-F. Begge eksamen må vere bestått for at eksamen skal bli godkjend.