Hopp til innhald

RE6-2006 Praksis i ei reiselivsbedrift

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Praksisdelen skal legge til rette for at studenten skal få innsikt i og kunnskap om det daglege arbeidet i reiselivsverksemder. Gjennom autentiske arbeidsoppgåver, refleksjon og rettleiing skal studentane tileigne seg forståing for metodar, problemstillingar, prosessar og verktøy i arbeidslivet tilknytta fagfeltet. Emnet skal bidra til at studentane får reflektere over teorien dei har tileigna seg i løpet av dei føregåande semestra.

Læringsutbytte

Kunnskaper:

Studenten skal:

  • tileigne seg kunnskapar om bruk av teori og metode gjennom praktisk anvendelse i ei verksemd
  • tileigne seg kunnskapar om sammenhengen mellom forskjellige fag i studiet og korleis desse vert brukt i verksemda
  • innan det valte fagområde tileigne seg kunnskapar om sentrale tema, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar i bruk

Ferdigheter:

Studenten skal:

  • vere i stand til å utføre arbeidsoppgåver innan det valte praksisområdet
  • beherske faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer innan det valte praksisområdet
  • finne fram og gjere seg nytte av litteratur som er relevant for utøving av det valte praksisområdet

Generell kompetanse:

Studenten har:

  • innsikt i krav og spilleregler i arbeidslivet
  • evne til å stille faglege spørsmål som kan bidra til vidareutvikling av praksis
  • evne til å kommunisere og samarbeide med involverte partar i og utenfor verksemda
  • sett nytten av og blitt inspirert til å halde seg fagleg oppdatert
  • evne til å planlegge og løyse faglege oppgåver sjølvstendig
  • innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

RE6-1000 Reiselivskunnskap

Undervisnings- og læringsformer

I praksisperioden skal studenten delta aktivt med avtalte arbeidsoppgåver, samarbeide med praksisrettleiar og andre i verksemda og halde kontakt med fagleg rettleiar i institusjonen. Studenten skal gjennom praksisperioden legge grunnlag for utarbeiding av praksisrapport gjennom notat/logg/dokument frå bedrift. Studenten må sette seg inn i relevant litteratur og nytte dette i praksisperioden.

Obligatorisk læringsaktivitet

Del 1: Praksis utgjer del 1 av arbeidskravet.

-  Omfang om lag 150 timar som tilsvarer 1 månad vanlig arbeidstid.

- Praksisen utgjer 4  fulle arbeidsveker (37,5 t per veke) og verksemda må stadfesta at studenten har fullført praksisen. 

Del 2: munnleg presentasjon av erfaringar fra praksis

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre

Vurderingsform

Mappe som inneheld individuell praksisrapport.