Hopp til innhald

DLU1-PRA5 Praksis 5. år 1-7

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Praksis skal vera ein integrert del av alle fagstudium i grunnskulelærarutdanningane. Praksis skal vera relevant for og integrert i alle fag, og er å sjå på som ein læringsarena på linje med undervisning på høgskulen. Alle studentane skal få undervisa i fag dei har hatt opplæring i, samtidig som praksisperiodane skal gi erfaringar med den heilskapen av fag elevane møter.

 

Praksisopplæringa skal vera rettleidd, vurdert og variert. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisopplæringa er eit felles ansvarsområde for faglærarane i lærarutdanninga (både lærarar i undervisningsfag og i pedagogikk og elevkunnskap), praksislærar og rektor.

 

Heilskapleg og samanhengande lærarutdanning, samanbinding av teori og praksis og samarbeid om rettleiing og vurdering føreset at faglærarane i lærarutdanninga tek del i eit langsiktig samarbeid med praksisinstitusjonane og med studentane om undervisning og anna praksisarbeid. Dette samarbeidet skal omfatta utveksling av kunnskap og lærarkrefter på ein måte som sikrar at aktivitets- og utviklingsoppgåver i praksisfeltet blir trekt inn i praksisførebuinga i lærarutdanningsfaga.

 

Faga i grunnskulelærarutdanningane skal vera differensierte mot dei trinna utdanninga kvalifiserar for. Utdanninga for trinn 1-7 skal leggja vekt på begynnaropplæring og fag på barnetrinnet. Det skal leggjast til rette for progresjon i opplæring av grunnleggjande ferdigheiter, frå dei lågaste til dei høgste trinna innanfor det aktuelle årstrinnsspennet for profilen, og studentane skal tileigna seg kunnskap om overgangen frå barnehage til skule og frå mellomtrinnet til ungdomstrinnet.

Skulepraksis 

 

Med skulepraksis meiner vi praksis i grunnskulen. I utdanninga for trinn 1-7 skal både trinn 1-4 og trinn 5-7 dekkjast. Skulepraksis omfattar undervisning og alle aktivitetar som er i regi av grunnskulen, som angår elevane og som til vanleg involverer lærarar. I tillegg til undervisning kan dette vera m.a. lærarmøte, skuleturar, museumsbesøk, leirskule, aktivitetsdagar, foreldremøte, samarbeidsmøte mellom skule og andre instansar, ulike prosjekt i høve til læringsarbeidet og klassemiljøet. Praksis i eit anna lands grunnskule i samband med internasjonale utvekslingsopphald eller internasjonalt semester, kan godkjennast som del av dei 100 dagane med praksis, under føresetnad av at dei ordinære krava til praksisopplæringa blir oppfylte.

 

Utdanninga skal kjenneteiknast av eit nært samspel med profesjonsfeltet og det samfunnet skulen er ein del av. Overgang barnehage ¿ skule og innsikt i barnehagen som læringsarena er viktig for god oppstart, innhald og arbeidsmåtar på dei lavaste trinna i grunnskulen. 

 

 

Omfang : 10 dagar 

Trinn: 1.-7.

I 5. og 6. studieår vil studentane arbeida vidare med hovudtema frå 1. til 4. studieår. Profesjonsutvikling individuelt og kollegialt, samt endrings- og utviklingsarbeid på skulen skal vektleggjast. Dette omhandlar:

- Skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon

- Læraren sine rettar og plikter, lærararbeidet på organisasjonsnivå

og i profesjonelle fellesskap

- Kvalitetssystem som verktøy for læring og skuleutvikling

- Forskningsbasert kunnskap som utgangspunkt for endring og utvikling i skulen

- Lokalt læreplan- og utviklingsarbeid

Læringsutbytte

KUNNSKAP

 

Studenten

  • har kunnskap om skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon

 

 

FERDIGHEITER

 

Studenten

  • kan planleggja, gjennomføra og vurdera opplæringa i faga
  • kan planleggja undervisning med utgangspunkt i planar for ulike periodar

 

GENERELL KOMPETANSE

 

Studenten

  • har kritisk distanse til eiga yrkesutøving
  • har utvikla kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • har utvikla læraridentitet basert på profesjonelle og yrkesetiske perspektiv

Krav til forkunnskapar

-

Tilrådde forkunnskapar

-

Undervisnings- og læringsformer

Praksis (10 dagar) skal i hovudsak knytast til dei siste 60 studiepoenga av utdanninga til studenten. Praksisdagane skal bidra til å vidareutvikla fokusområde frå tidlegare studieår og væra særleg kopla til studenten sine valfag. Planlegging, gjennomføring og vurdering av meir samanhengjande undervisningsøkter står sentralt. Profesjonsutvikling individuelt og kollegialt, samt endrings- og utviklingsarbeid på skulen skal vektleggjast. Gjennom praksisopplæringa vil ein leggja opp til ein refleksjonsprosess der studentane må gjera greie for sine val med omsyn til planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring. Dette skal skje ved at studentane tek i bruk ei individuell, skriftleg praksismappe. Denne skal følgja studentane gjennom heile praksisopplæringa og innehalda relevant dokumentasjon av studentane sitt arbeid i praksisperiodane. det viktigaste med praksismappa er at ho inneheld refleksjon om eiga læring i praksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

-

Vurderingsform

Praksis

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel