HELS-GRUNL Helse- og omsorgsvitskap - grunnlagstenking
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet skal gi innsikt i grunnlagstenking i helse- og omsorgsvitskap.
Kurset drøftar verdiane, omgrepa og teoriane som utgjer eit felles grunnlag for helse- og omsorgsvitskap, uavhengig av klinisk kontekst, omstende og yrkestilhøyrsle. Det blir lagt vekt på å synleggjere korleis helse- og omsorgsvitskap som vitskapleg disiplin og fagområde blir forma av ontologisk, teoretisk og epistemologisk forståing. Helse- og omsorgsvitskap blir belyst og drøfta i eit interdisiplinært perspektiv, og blir relatert til aktuell forsking og klinisk praksis.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har inngåande kunnskap og forståing av dei grunnleggjande verdiane, omgrepa og teoriane knytt til helse- og omsorgsvitskap
- forstår helse- og omsorgsvitskap som grunnvitskap og bruksretta vitskap
Dugleik:
Studenten:
- kan drøfte ein klinisk situasjon i lys av omsorgsvitskapleg grunnlagstenking
Generell kompetanse:
Studenten:
- kan gjere bruk av sitt helse- og omsorgsvitskaplege teorigrunnlag interdisiplinært.
- kan bidra til nytenking innan sitt fagområde.
- kan gjere bruk av sin kunnskap i grunnlagstenking knytt til kliniske problemstillingar, situasjonar, og moglege løysingar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, rettleiing, dialogbaserte seminarar/nettmøte, gruppearbeid m/fremlegg og skriftlege arbeid på campus og/eller digitalt.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ja
Vurderingsform
Heimeeksamen, 2 veker. Gradert karakter A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel