Hopp til innhald

MOØ225 Entreprenørskapsteori i ein regional samanheng

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Kurset gjer ein introduksjon til tema av praktisk og kontekstuell relevans for innovasjon- og entreprenørskap. Dei sentrale næringane på Vestlandet utgjer eit hovudfokus i kurset. Den entreprenørielle aktiviteten (i oppstarts- og etablerte bedrifter) blir presentert og analysert knytt til historisk utvikling, forretningsmodellar, produktutvikling, marked og salsstrategiar.