NO337 Norsk 1, del 1 (5.-10.): Elevens språk, nettstudium
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Norsk 1 er delt i to modular à 15 studiepoeng. Haustsemesteret, med emnekode NO337, gjev deg teoretisk og didaktisk grunnlag for å jobbe med den andre skriveopplæringa og munnlege ferdigheiter. Sentrale emne er:
Kva er norskfaget?
Prinsipp og metodar i skriveopplæring
Vidare skriveopplæring
Språket som system/grammatikk
Norsk som andrespråk
Munnleg bruk av språket
Språknormering og rettskriving
Lesing og skriving på begge målformer
Kjeldebruk, tekstbehandling, oppgåveskriving
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har innsikt i språkutvikling hos barn og unge som allereie har tileigna seg grunnleggande lese- og skriveferdigheiter
- har brei kunnskap om relevante teoriar om skriving og skriveopplæring
- har god kunnskap om relevante teoriar innan munnleg opplæring
- har kunnskap om dei ulike funksjonane skriving kan ha for elevars utvikling og læring
- har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
- har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skolens norskfag
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. trinn og grunngi faglege val
- kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i skriveopplæring og skriftforming frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- kan kartleggje og vurdere skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
- kan leggje til rette for at elevane får skrive sakprega tekstar og fiksjonstekstar av ulikt slag
- kan bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
- kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbyte til elevane
- kan bidra til å utvikle lokale læreplanar
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa, skape og vurdere digitale, samansette tekstar
Generell kompetanse
Studenten
- er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
- kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle ei kulturforståing som tar den fleirkulturelle røynda på alvor
- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktivt refleksjon
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
Krav til forkunnskapar
Lærarutdanning (allmennlærar, grunnskulelærar, faglærar, førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må i tillegg vera i ei lærarstilling.
Undervisnings- og læringsformer
Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet. Studiet av emnet går over eitt semester, og er eit reint nettstudium. Me brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøyet Adobe Connect. Du vil få ei innføring i bruken av Adobe Connect.
Studiet kombinerer førelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, presentasjonar for medstudentar og kollegaer og gruppearbeid. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, samt at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga (80 %).
4 arbeidskrav, med respons frå medstudentar og faglærar. Studentresponsen er obligatorisk.
Arbeidskrava skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis, og minst eitt av desse skal handle om bruk av IKT i tekstskaping og -forståing. Minst eitt skal vere knytt til utprøving i eigen eller andre si klasse og skal vere knytt til kollegarespons
Vurderingsform
Individuell, skriftleg heimeeksamen i nynorsk og bokmål. Leverast over nett i Wiseflow.
Heimeeksamen 1 nynorsk: 4 timar
Heimeeksamen 2 bokmål: 4 timar
Kvar heimeeksamen er vekta 50%.
Bokstavkarakter A-F.