Hopp til innhald

VPL5-308 Profesjonsutøving vernepleie

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Felles med bachelor i barnevern og sosialt arbeid får studentane undervisning i vitskapsteori, forskingsmetode og etikk. Denne delen inneheld kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske retningar og metodar for innsamling og analyse av data. Det vert undervist om forskingsprosessen med referanse til høvesvis kvalitative og kvantitative metodar. Det blir lagt vekt på å vise korleis ein kan forstå og vurdere forskingsresultat og omtale av slike som ein finn i faglitteratur. I etikk får studentane innføring i etisk teori og etisk analyse av helse- og sosialfaglege situasjonar. Faget vektlegg etisk deliberasjon med utgangspunkt i moderne utgåver av klassiske posisjonar i normativ etisk teori. TPS (Tverrprofesjonell samarbeidslæring): Fleirfagleg samarbeid, felles for lærerutdanninga og bachelorutdanningane for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie. Tema: Barn i utsette livssituasjonar.

Emnet tek i tillegg føre seg fagområder som ikkje er dekka tidlegare i utdanninga, eller som treng vidare utdjuping.

Utdanninga byggjer på kunnskap frå mange fagområder og det er eit sentralt mål gjennom studiet å kunne nytta kunnskap frå dei ulike faga i arbeid med menneske med ulike funksjonsvanskar. I dette emnet føreset ein at studentane tek med seg og kan anvende kunnskapar frå tidlegare emne gjennom heile studieløpet.

Læringsutbytte

Felles læringsutbytte for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten

Kunnskap:

  • kunnskap om forskingsprosessen
  • kjennskap til forskingsetiske retningslinjer
  • kunnskap om sentrale posisjonar i vitskapsteoretisk refleksjon

Ferdigheit:

  • kunne identifisere truslar mot etiske grunnverdiar, og reflektere over væremåtar i lys av sosialfagprofesjonen sine krav til framtoning og etisk forsvarleg handling

Generell kompetanse:

  • kan vurdere det metodiske grunnlaget i kvalitativ og kvantitativ forskning

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten

Kunnskap:

  • brei kunnskap om miljøterapeutiske prinsipp i arbeid med personar med samansette og langvarige behov for tenester. 
  • kunnskap om sakshandsaming og aktuelle lovar innan helse og omsorg 
  • brei kunnskap om risikofaktorar og samfunnsskapte barrierar for menneske med funksjonsnedsettingar.
  • kjenner til innhald og tilbod frå spesialistenester til personar med nedsett funksjonevne

Ferdigheiter:

  • kan anvende etisk teori og analyse som refleksjonsgrunnlag for handtering av helse- og sosialfaglege utfordringar
  • kan anvende juridisk og vernepleiefagleg kunnskap og skjønn i praktiske problemstillingar i sakshandsaming.
  • kan reflektere over etiske problemstillingar knytt til bruk av tvang.
  • kan gjennomføre systematisk litteratursøk og finne fram til aktuell forskning og nytte denne i sitt arbeid.
  • kan anvende teoretisk kunnskap for å identifisere problemområder, treffe grunngjevne val av fagleg forsvarlege tiltak, og evaluere desse.

  • har innsikt i relevante vernepleiarfaglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan formidle sentralt fagstoff, både munnleg og skriftleg, og framstille det slik at det belyser ei problemstilling.

Krav til forkunnskapar

Alle emner frå første og andre studieåret og haustsemesteret tredje studieår må vere greidde før studenten kan framstille seg til eksamen.

Tilrådde forkunnskapar

Ikkje spesifisert

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstudium, førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, ferdigheits- og relasjonstrening, og digitale læringsverktøy. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i tverrprofesjonell samarbeidslæring.

Deltaking i planlegging og gjennomføring av aktivitetsdag.

Alle arbeidskrav må vere godkjent før ein kan framstille seg for eksamen

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen som tek utgangspunkt i eit kasus. Det vert krevd at studentane kan anvende kunnskap frå tidlegare emne i studiet.

Vurderingsutrykk :A - F der F er ikkje greidd vurdering

Ny eksamen:

Går som ordinær eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel