Hopp til innhald

ID3-216 Aktivitetsfag

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet heng saman med emnet Ferdigheitslæring men er hovudsakleg praktisk retta. Ein skal innom individuelle idrettar, lagidrettar, estetiske idrettar, uteaktivitetar og basistrening. Timane blir lagt opp som konsentrerte emnekurs. I desse kursa vil det metodiske stå sentralt saman med utvikling av eigenferdigheit. Studentane får prøvd ut instruktørrolla i nokre av kursa. Fokuset skal vere på ulike aktivitetar som vert nytta i skule og frivillig idrett. I tillegg vil studentane ha ein praksisperiode i organisert idrett eller kroppsøving der ein søker å få til utvikling av ferdigheit i ein eller fleire idrettar. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • kan planlegge, organisere, tilrettelegge, gjennomføre og rettleie på ulike nivå i nokre utvalde lagidrettar og individuelle idrettar
  • kan erfare og reflektere over eigen ferdigheitsutvikling i nokre utvalde idrettar

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan kjenne til og bruke metodisk tilnærming i innlæring av ferdigheiter i ulike idrettar
  • kan reflektere over kva tilnærming som fungerer godt i høve ferdigheitsutvikling i nokre utvalde idrettar

Generell kompetanse

Studenten

  • kjenner til relevant forsking i utvalde idrettar og kroppsøvingsfaget
  • har gjennom praksis erfart ferdigheitslæring for ungdom i skule eller frivillig idrett

Krav til forkunnskapar

Fullført første år av bachelorgraden Idrett og kroppsøving, årsstudium idrett eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, studentpresentasjonar, praktiske timar og praksis for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med eigenferdigheiter og meistring av sentrale bevegelsesmønster. Praksis knytt til emnet er ein punktpraksis med et omfang på totalt 15 timer, som kan gjennomførast i skule eller organisert idrett. For studentar som har valt trenarutdanning i fotball skal praksisen være fotballrelatert.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte angåande kunnskap om planlegging, organisering, tilrettelegging, gjennomføring og rettleiing av ulike ferdigheitsnivå, og at studenten kan utøve og vise sentrale ferdigheiter i aktivitetane.

  • Godkjent punktpraksis, munnleg praksisoppsummering i grupper og individuell skriftleg praksislogg
  • Godkjent logg eller obligatorisk framføring etter kvart emnekurs
  • Godkjent teoretisk prøve i de ulike delemna

Vurderingsform

Praktisk eksamen med munnleg eksaminasjon. Tid: 45 minuttar individuell eksamen.

Karakterskala (A-F), der F svarar til ikkje bestått.