Hopp til innhald

NOU801 Tekstkunnskap for 5.-10. trinn

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Norsk 1, emne 1 Tekstkunnskap er første del av eit grunnleggjande kurs for lærarar som fortrinnsvis vil undervise i norsk på mellomsteget og ungdomssteget i grunnskolen. Norsk 1 er delt i to emne á 15 studiepoeng. Emne 1, Tekstkunnskap, går hausten, og emne 2, Språkkunnskap, går våren. Til saman gir dei to emna ei grundig innføring i norsk språk og litteratur og tar for seg korleis ein kan arbeide med faget norsk i klasserommet. Norsk 1 (30 studiepoeng) tilsvarer obligatorisk norsk for lærarar med allmennlærarutdanning.

Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 (2006) må ein lærar ha 60 studiepoeng norsk for å undervise i faget på ungdomssteget. Krava til lese- og skrivekompetanse har auka sterkt dei siste tiåra, og det er eit uttalt ønske at norsklærarane aukar kompetansen sin på området lesing og skriving. Norsk 1 set studentane i stand til å møte desse krava og er det første steget fram mot ein tilstrekkeleg kompetanse for å undervise på ungdomssteget.

Samhandling gjennom tekst er det berande prinsippet og det faglege grunnlaget for kompetanseutviklinga i dette norskstudiet.

Tekstlesing og tekstteori står sentralt i emne 1. Tekstane er henta frå ulike sjangrar og medium (munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og fagtekstar), og dei blir knytt til litteraturteori. Vekta ligg på tekstar frå vår eiga samtid, retta mot barne- og ungdomslesarar, men det vil også vere innslag av historiske tekstar og tekstar for vaksne. Eit hovudperspektiv er korleis ein kan arbeide med slike tekstar i klasserommet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har omfattande kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar, skjønnlitterære tekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
  • kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
  • har kunnskap om barne- og ungdomslitteratur i ulike sjangrar og har god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
  • har kunnskap om nyare litteratur som vender seg mot vaksne lesarar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, i tradisjonelle og moderne medium
  • kan bruke varierte arbeidsmåtar slik at elevane utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
  • kan bruke digitale ressusrsar og verktøy i norskfaget

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • har blikk for mangfaldet i elevgruppa og kan gjere greie for tilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er organisert som ein kombinasjon av sjølvstudium, nettbasert arbeid og tre samlingar. Studiestøttesystemet er Canvas. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.

Studiet har ikkje eigen praksisdel, men er praksisretta ved at eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med erfaringar og observasjon i eigen klasse.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte til samlingane.

Studentane må levere og få godkjent tre obligatoriske arbeid for å få gå opp til eksamen. Tema for innleveringane blir kunngjorde ved semesterstart. Oppgåvene skal skrivast på bokmål.

Arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen, ei veke. Målform: bokmål.

Tid for ut- og innlevering av eksamen blir opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel