SK167 Rettleia praksis i heimebaserte tenester
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet inneheld praksis i heimesjukepleie/heimebaserte tenester:
Innhaldet er følgjande:
- Etablerer relasjonar og utøver sjukepleie til pasientar/brukarar og pårørande under rettleiing av praksisrettleiar, med gradvis auke av sjølvstende og tal pasientar/ brukarar
- Deltek i tverrprofesjonelt samarbeid
- Ivaretek brukarmedverknad og brukarstyring
- Deltek i samtaler med pårørande
- Administrerer legemiddel under rettleiing
- Dokumenterer og formidle sjukepleie
- Individuelt skriftleg arbeid
Kliniske studium relaterte til pasientar/brukarar som mottek heimesjukepleie og deira pårørande. Kullet blir delt i to grupper, ein del av kullet har praksis i heimebaserte tenester i den første praksisperioden og resten av kullet i den andre praksisperioden.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har/kan studenten:
Kunnskap;
- har kunnskap om individuelle omsorgsbehov og brukar sjukepleieprosessen sjølvstendig i vurdering, oppfølging og evaluering av sjukepleie til pasientar med samansette behov
- har kunnskap om sjukepleiefaget sitt verdigrunnlag, etiske retningslinjer og lovverket som regulerer yrkesutøvinga
- har kunnskap om korleis sjukdom og helse verkar inn på livssituasjonen til pasient, familie og sosial nettverk
Ferdigheter
- kan dokumentere og formidle utøvd sjukepleie, både munnleg og skriftleg, ved hjelp av dokumentasjonssystem og digitale løysingar
- kan administrere legemiddel forsvarleg og observerer og formidlar verknad, biverknad og moglege interaksjonar og komplikasjonar til samarbeidspartar
- kan informere, rettleie og undervise pasientar, pårørande, studentar og medarbeidarar
- kan nytte kunnskap om rehabilitering, habilitering og brukarmedverknad i praktisk utøving
- kan etablere relasjonar, informere og rettleie pasientar/brukarar og reflekterer over eigen kommunikasjon og samhandling
- kan vise forståing for og utøve sjukepleie til personar med minoritetsetnisk bakgrunn
Generell kompetanse
- har innsikt i og forstår korleis heimesjukepleien blir organisert og koordinert innan og på tvers av kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta
- kan kommunisere og samarbeider på ulike nivå i organisasjonen, og har erfaring med tverrprofesjonelt samarbeid
- har innsikt i pasient/brukar og pårørande si oppleving av sin eigen situasjon
- har innsikt i planlegging og oppfølging av personar med særlege behov som utvikling av kognitiv svikt og ved behov for lindrande/ palliativ behandling og omsorg
- kan planlegge og organisere eige arbeid, utføre administrative oppgåver og prosedyrar
- kan reflektere over eiga faglege utøving, søker rettleiing og kjenner grenser for eigen kompetanse
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innafor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
Emne SK160, SK161, SK199, SK169, SK170, SK155, SK162, SK163, SK164 og SK151, samt alle obligatoriske læringsaktivitetar i SK165 må vere greidd før start i emnet SK167.
Undervisnings- og læringsformer
- Studentaktive læringsformer for å integrere, og gjere seg nytte av kunnskap i praksis
- Erfaringslæring med refleksjon og rettleiing individuelt og i grupper
- Ei skriftleg oppgåve
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan starte i direkte pasientretta verksemd (SK166/SK167):
- Deltaking på to seminar:
- Seminar 1: kommunikasjon
- Seminar 2: pårørande
Vurderingsform
Rettleia praksis i heimesjukepleie. Greidd/ikkje greidd