Hopp til innhald

HELS-OPPG Masteroppgåve i klinisk helse- og omsorgsvitskap

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid der studenten er analytisk og kritisk i samband med aktuell forsking, teoriar og metodar. Problemstillinga må på ein grunngjeven måte byggje på eit helse- og omsorgsvitskapeleg tenkingsgrunnlag og bli drøfta i samband med relevant litteratur. Forskingsdesign skal vise vitskapeleg metodologi og metode for innsamling og analyse av aktuelle data innan forskingsetiske rammer.

Masteroppgaven vert utforma i samsvar med gjeldande retningslinjer for masteroppgåver ved Høgskolen Stord/Haugesund. Det skal utarbeidast eigen prosjektplan for masteroppgåva. Masteroppgåva kan vera monografi (tradisjonell masteroppgåve) eller ein artikkel med kappe.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om faglege problemstillingar med utgangspunkt i helse- og omsorgsvitskapen sin tradisjon
  • har kunnskap om helse- og omsorgsvitskap innan eit nytt område i fagfeltet

 

Dugleik:

Studenten:

  • kan grunngi val av problemstilling ut frå eit helse- og omsorgsvitskapeleg perspektiv og med relevans for klinisk praksis
  • kan drøfte ei problemstilling i samband med relevant litteratur
  • kan ta forskingsetiske hensyn
  • kan gjennomføre eit vitskapeleg arbeid i form av ei masteroppgåve

 

Generell kompetanse:

Studenten:

  • kan formidle resultat av eige masterarbeid - både skriftleg og muntleg.

Krav til forkunnskapar

75 studiepoeng av masterprogrammet (45 obligatoriske, 30 valfrie)

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig skriftleg arbeid som blir gjennomført under rettleiing. Det blir haldne seminar kor den enkelte student presenterer og drøfter eige arbeid med medstudentar og rettleiarar. Rettleiingsavtale blir underskriven av student, rettleiar(ar) og studieleiar når tema for oppgåva er klar. Studenten har sjølv ansvar for å søkje rettleiing etter avtalt plan.  

Obligatorisk læringsaktivitet

Fylgjande obligatoriske arbeidskrav må vera godkjend for at kandidaten kan framstille seg til eksamen: 

- Godkjend prosjektplan

- Framlegg frå eige masteroppgåvearbeid: Presentasjon av eige arbeid i masteroppgåvesamlingar på campus saman med rettleiar. Studenten må gjennomføre eitt framlegg pr semester (til saman tre).  

- Framlegg av respons til medstudent: Gi respons på medstudentars presentasjon av sitt arbeid i masteroppgåvesamlinger. Studenten må gjennomføre ein respons pr de to siste semestrene. 

- Rettleiing på prosjektplanen: Studenten må gjennomføre minst 1 rettleiingstime før innlevering av prosjektplanen.

- Rettleiing på masteroppgåve: Rettleiing vert gjennomført i tråd med Avtale om veiledning på masteroppgave Klinisk helse- og omsorgsvitskap. Studenten må sende skriftlig materiale til rettleiar, til avtalt tid, før rettleiingsmøter, og må gjennomføre minimum éin rettleiing før innlevering av masteroppgåva.

Vurderingsform

Masteroppgåva vert gjennomført individuelt og skal skrivast på norsk. Studenten kan søkje om å skrive på engelsk. Masteroppgåva skal skrivast i tråd med gjeldande Retningslinjer for masteroppgåve i klinisk helse- og omsorgsvitskap. For øvrig gjeld og HVL sine felles retningslinjer for masteroppgåve som ligg på nettsidene. Masteroppgåva kan skrivast som monografi eller som artikkel med kappe. 

- Masteroppgåve som monografi: Omfang på 30 000 ord +/- 10 %.

- Masteroppgåve som artikkel: Vitskapelig artikkel som tilfredsstillar kvalitetskrava til eit fagfelle bedømt nasjonalt eller internasjonalt tidsskrift. Artikkel på 3000 - 5000 ord eller som det valgte tidsskrift krevjer. Kappe på 10 000 - 15 000 ord. 

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala fra A til F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått. For masteroppgåve som artikkel med kappe, vektes kappen til 40 % og artikkelen til 60 % i karakterfastsetjinga. Intern og ekstern sensor. Rettleiar er ikkje sensor. 

Ny eksamen

Ved ikkje bestått masteroppgave, kan studenten forbetra masteroppgåva éin gong til ved ny eksamen. Det er ikke høve til levere ny eller revidert masteroppgåve ved bestått resultat.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle skrivne og trykte hjelpemiddel er tilletne

Meir om hjelpemiddel