Hopp til innhald

HELS-VITSK Vitskapsteori og forskningsmetode

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

I dette emne skal studentane tileigna seg en grundig forståing av sentrale vitskapsteoretiske, metodologiske og etiske problemstillingar i helse- og sosialfaga. Vitskapsteoridelen diskuterer vitskapane/fagdisiplinane sine grunnforutsetningar, og kva typar av kunnskap som blir produsert innanfor dei ulike disiplinane. Studentane skal tileigna seg innsikt i kvalitativ og kvantitativ metode, og i ulike kvantitativt og kvalitativt orienterte metodologiar og forskingsdesign. Aktuelle problemstillingar frå eige yrkesbakgrunn eller anna relevant sosial praksis vil bli tematisert og diskutert for å visa korleis ulike forskingsdesign gjev ulike bidrag til ny kunnskap. Emnet bidrar til utvikling av kunnskapar i forskingsetikk og etiske problemstillingar knytt til det å forske på, og jobbe med, menneskje.

Emnet går over eit semester. Sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar og omgrep i human- og samfunnsvitskapane, og i helsefaga. Forholdet mellom kunnskapsomgrep og metodologi og metode. Grunnleggjande karakteristika, styrker og svakheter ved sentrale kvantitativt og kvalitativt orienterte forskningsdesign.

Generell introduksjon til:

  • kvalitativ og kvantitativ metode
  • etnografi, fenomenologi, hermeneutikk, fortolkande skildringar, grounded theory, aksjonsforsking, tekstanalyse
  • RCT, kohort studiar, kasus-kontrollstudiar, tverrsnittstudiar, registerstudiar
  • systematiske oversikter, implementeringsstudiar
  • forskingsetikk og kjedebruk

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten...

  • har inngåande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar og kjennskap til vitskapsteoretiske debatter
  • har inngåande kunnskap om ulike forskingsdesign og deira styrker og svakheter
  • har inngåande kunnskap om sentrale forskingsetiske problemsstillingar og omgrep som har relevans for helse- og sosialfag

Ferdigheter: Studenten...

  • kan analysere og forholda seg kritisk til det mest egna forskingsdesign for ulike typar forskingsspørsmål
  • kan anvende og vurdera eigna metodar for datainnsamling, dataanalyse og resultatpresentasjon
  • kan identifisera og drøfte vitskapsteoretiske posisjoner i ulike typar forsking

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan kritisk og sjølvstendig analysere og reflektere over forholdet mellom teoretisk utgangspunkt, problemstilling, empiriske funn og ny kunnskap
  • kan analysere og reflektere over forskingsetiske problemstillingar
  • kan analysere og reflektere over vitskapsteoretiske problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Studierett ved masterstudier ved Fakultet for helse- og sosialvitskap

Tilrådde forkunnskapar

HELS-GRUNL - Helse- og Omsorgsvitskap - grunnlagstenking, HELS-ETIKK - Helse- og omsorgsetikk og HELS-SAMH - Samhandling i vanskelege livssituasjonar

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er hovedsaklig nettbasert, og det er naudsynt med god internetttilgang og moglegskap for å kommunisera via nettmøter. Arbeidsformer er gruppearbeid og diskusjon, individuelt arbeid, sjølvstudium, undervisningsvideoar, quiz og samarbeidande læring (peer-rewiewing). Det vil bli arrangert to dagssamlingar på Campus

Studenten vil ta imot og levera oppgåver i Canvas, og den vil også kommunisere med både medstudentar og lærarar via denne læringsplattforma. Det vil bli gjennomført regelmessige nettmøter/videokonferansar. For å delta på møta trenger studenten mikrofon, høgtalar og webkamera.

Det vert forventa ein arbeidsinnsats tilsvarande 40 timer kvar veke ved fulltidsstudium og 20 timer kvar veke for deltidsstudentar 

Obligatorisk læringsaktivitet

Totalt 6 skriftlige gruppearbeid fordelt med 2 innafor kvart av temaene kvalitativ metode, kvantitativ metode og vitskapsteori og forskingsetikk.

Hvert gruppearbeid består av:

  1. gruppebesvarelse inntil 1200 ord +/-10%
  2. kritisk vurdering av medstudentars gruppearbeid

Arbeidskrava er gyldige to påfølgande semester.

Vurderingsform

Eksamen:

Individuell oppgåve med eit omfang på 3500 ord +/-10%

Vurderingsuttrykk:

Bestått/Ikkje bestått

Ny eksamen: 

Ved ikkje bestått leverer studenten bearbeida, skriftleg besvarelse til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen avgrensingar

Meir om hjelpemiddel