Hopp til innhald

SA604 Historie fordjuping

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet gjev studentane ei grundig innføring i eit avgrensa historiefagleg tema. Det vil normalt ta utgangspunkt i forskingsfeltet til den som underviser og ta studentane med til forskingsfronten og gje ei innføring i kvar diskusjonane om temaet har gått, kva ulike teoriar som finst om temaet, kva kjeldegrunnlaget er for teoriane og kvifor eventuelle historiefaglege usemjer har oppstått. Tema og pensum vil kunne variere frå semester til semester.

Læringsutbytte

Etter å ha fullført emnet kan studenten:

Kunnskap

  • gjere greie for den nyaste forskingslitteraturen og forskingsfronten innanfor eit avgrensa historisk emne
  • oppdatere kunnskapane sine og vurdere nytt fagstoff kritisk

Ferdigheiter

  • drøfte eit avgrensa historisk emne grundig
  • orientere seg i forskingsfronten, forstå historisk forskingsdebatt og reflektere kring vitskaplege grunnlagsproblem
  • bruke digitale verktøy til å hente kunnskap frå ulike medium og vurdere han kjeldekritisk i eigne framstillingar

Generell kompetanse

  • skrive ein tekst om eit historiefagleg tema etter definerte vitskaplege kriterium og basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • handsame og vurdere større informasjonsmengder med eit fagleg blikk
  • ha innsikt i dei analytiske, fortolkande og kreative prosessane som ligg bak skapinga av ny historisk kunnskap

Krav til forkunnskapar

Avlagt eksamen i alle emna av første året av bachelorstudiet i historie eller årsstudium i historie.

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar og medstudentar, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar og medstudentar, studentstyrte kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse. 

Vurderingsform

Heimeeksamen (5 timar).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel