Hopp til innhald

BULL101 Barns utvikling, leik og læring

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Kunnskapsområdet tek utgangspunkt i barnehagen sitt verdigrunnlag og skal bidra til den faglege innsikta som er nødvendig for å kunne arbeide pedagogisk med leik, læring, omsorg og danning i eit mangfaldig og berekraftig samfunn. Leik er ein livs- og læringsform med eigenverdi og er avgjerande for allsidig utvikling. Kunnskapsområdet omfattar erfaring med planlegging, gjennomføring og vurdering av lærings- og utviklingsprosessar for barn i ulik alder og med ulike føresetnader.

Kunnskapsområdet omfattar barnehagepedagogiske tema som kan bidra til å skape eit inkluderande fellesskap med omsorg, tryggheit, anerkjenning, medverknad og utforsking. Kunnskapsområdet er nært knytt til praksis. Gjennom observasjon, refleksjon og utprøvingar skal studenten få innblikk i arbeidet som barnehagelærar og leiar. Studenten skal også ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og formelle og uformelle samspels- og læringssituasjonar.

Praksis i kunnskapsområdet

Det er praksis i kunnskapsområdet. Innhald og oppgåver i praksis skal være i tråd med læringsutbyttet i kunnskapsområdet.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om:

  • Barnehagens formelle rammer, målsetjingar og verdigrunnlag
  • Barns medverknad, syn på barn og barndom
  • Teoriar og forsking om barns utvikling, lek, omsorg, læring og danning
  • Lek som fenomen og barnehagen som arena for utforsking, vennskap, samspel og kroppsleg utfalding 
  • Didaktikk og observasjon
  • Ulike overgangar knytt til barnehagelivet
  • Pedagogisk leiing

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten kunne: 

  • Observere og analysere observasjonar
  • Skape, delta i og oppretthalde omsorgsfulle relasjonar og vise evne og vilje til innleving og anerkjenning av kvart enkelt barn
  • Etablere og leie samspel med enkeltbarn og i barnegrupper og reflektere fagleg over eiga rolle
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid
  • Vere deltakande og inspirerande i leik med barn i ulike miljø

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • Reflektere fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til barns utvikling, leik, læring, omsorg og danning
  • Ha ein anerkjennande veremåte i møte med barns særeigne behov og læring
  • Reflektere fagleg om barn sin integritet basert på forståing av barn sin rett til medverknad og syn på barn og barndom
  • Praktisere og grunngi eigen pedagogiske kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, seminar og studentaktive læringsformer, både individuelt og i grupper. 

Studentane må rekne med at delar av undervisninga er obligatorisk. Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.

Praksis vil ha fokus på studenten si leiing av seg sjølv og av barn

Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og formelle og uformelle samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar, vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • vise leiareigenskapar i møte med praksisbarnehagen og reflektera over leiarrolla i møte med barn og barnegruppa.
  • planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv, barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
  • legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
  • reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber
  • vise evne til å vera profesjonell og oppfylle gitte normer, regler og lover i arbeidslivet

Leiardagane (minimum 3) må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Godkjent obligatorisk deltaking
  • 1 individuelt arbeidskrav
  • 1 arbeidskrav i gruppe

Arbeidskrav blir nærmare presisert ved semesterstart.

Dersom eit arbeidskrav ikkje blir godkjent, får studenten éin (1) moglegheit til ny innlevering/gjennomføring innanfor ordinært studieforløp for emnet. Nytt forsøk må avviklast innan gitt frist før eksamen.

Vurderingsform

Mappevurdering.

To (2) individuelle skriftlege oppgåver, omfang totalt 2500 ord.

Mappa får ein samla karakter. Dersom kandidaten klagar på karakter må heile mappa sendast til ny sensur. Ved ikkje bestått mappe, skal det ved seinare forsøk leverast ei omarbeida mappe.

Karakterskala: A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Pensum og andre relevante kjelder.

Meir om hjelpemiddel