Hopp til innhald

MIDR501 Vitskapsteori og forskingsmetode

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet gir eit vitskapsteoretisk grunnlag for å forstå ulike vitskaplege perspektiv og teoriar og deira relevans for idrettsforsking generelt og forskingsmetodiske tilnærmingar spesielt. Kritisk og etisk vurdering av forskingslitteratur, tolkingspremiss og framgangsmåtar i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar står sentralt i emnet. Studentane skal vere i stand til å bruka sentrale omgrep, innsamlings- og analysemetodar og tolkingar som er med på å utforska meiningsfulle prosessar og statistiske generaliseringar.

Følgjande tema vil bli vektlagt:

  • Vitskapsteori og forskingsetikk
  • Kvalitativ forskingsmetode
  • Kvantitativ forskingsmetode og statistikk

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om aktuelle vitskapsteoretiske teoriar og posisjonar og deira relevans for idrettsforsking generelt og for eige interesseområde spesielt
  • har inngåande kunnskap om etikk og moral i forsking
  • har avansert kunnskap om styrkar og veikskapar ved ulike kvalitative og kvantitative studiedesign og metodar
  • har avansert kunnskap om ulike forskingsdesign og metodar i lys av ulike vitskapsteoretiske retningar
  • har inngåande kunnskap om sentrale omgrep innan epidemiologi

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere ei hypotese, foreta elementære statistiske val i forhold til hypotesen og analysere data
  • kan utføre intervju og observasjonar i felt og systematisere kjelder
  • kan analysere og reflektere over vitskapsteoretiske utfordringar i idrettsforsking generelt og i eige fagområde spesielt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, analysere, tolke og evaluere kvalitativt og kvantitativt forskingsarbeid
  • kan kommunisere om vitskapsteoretiske og metodiske omgrep
  • har inngåande kunnskap om forsking som etisk og moralsk prosess, og kan reflektere om rolla til forskaren i forskingsprosessen

Undervisnings- og læringsformer

Veksling mellom førelesingar og studentaktive læringsformer. Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fleire presentasjonar og innleveringar må vera godkjente for å kunna ta eksamen.

Vitskapsteori og forskingsetikk:

  • Ein munnleg gruppepresentasjon av vitskapsteoretiske omgrep og posisjonar
  • Eit individuelt skriftleg arbeid om vitskapsteoretiske utfordringar som er knytt til ei idrettsfagleg problemstilling og oppbygnaden av eit idrettsvitskapleg prosjekt

Kvalitativ forskingsmetode:

  • To munnlege presentasjonar i gruppe knytt til planlegging, gjennomføring og analyse av: 1. intervju som forskingsmetode, 2. observasjon som forskingsmetode

Kvantitativ forskingsmetode:

  • To munnlege presentasjonar i gruppe knytt til: 1. observasjonelle forskingsdesign, 2. eksperimentelle forskingsdesign, og eitt skriftleg arbeidskrav i gruppe i statistikk.

Vurderingsform

Sluttvurderinga er todelt, der begge deleksamenane må vera bestått før emnet utløyser studiepoeng. Dersom ein deleksamen og dermed endeleg karakter ikkje er bestått må deleksamenen som er ikkje bestått takast opp att.

1) Vitskapsteori og forskingsetikk:

Individuell skriftleg oppgåve om vitskapsteoretiske utfordringar som er knytt ei idrettsfagleg problemstilling. Vekting: 25% Vi gjer merksame på at eksamenssvaret kan bli køyrd gjennom program for kontroll av plagiat.

2) Kvalitativ og kvantitativ forskingsmetode med statistikk:

Individuell skriftleg eksamen Tid: Fem timar. Vekting:75 %.

Gradert karakter A-F.