MIDR502 Bevegelse, læring og folkehelse
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet søker tverrfagleg kunnskap om fysisk aktivitet og læring av bevegelse i kvardagsliv, idrett, kroppsøving og friluftsliv. Det tek opp fleire problemstillingar, omgrep, teoriar og praktiske døme som går ut frå tre hovudspørsmål:
- Kva betyr det å vere og å lære i bevegelse?
- Kvifor vere fysisk aktiv?
- Korleis kan kunnskap om fysisk aktivitet og læring av bevegelse letta arbeidet med å fremje gode aktivitetsvanar i idrett og samfunn?
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskapar om korleis ein kan studere og definere bevegelse frå subjektive og objektive perspektiv
- kan grunngje betydinga av idrett og fysisk aktivitet for individ og samfunn frå natur- og samfunnsvitskaplege tilnærmingar
- kan vurdere forholdet mellom teoretisk og praktisk kunnskap i tilknyting til fysisk aktivitet og kroppsleg læring
- har inngåande kunnskapar om kroppen som eit heilskapleg system
- har inngåande kunnskapar om korleis bevegelse varierer i ulike kontekstar
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere og vurdere vitskapleg arbeid og andre informasjonskjelder relevante til bevegelse, læring og folkehelse
- kan bruke ulike målemetodar og evalueringsformer av fysisk aktivitet
- kan bruke kunnskap om korleis læring av bevegelse kan virke saman med utfordringar i folkehelsa for å skape gode aktivitetsvanar i samfunnet
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisere om sentrale problemstillingar frå lærings- og folkehelsefeltet med både spesialistar og allmenta
- kan sjå samanhengar i emnet og på bakgrunn av dette utvikle eigne spørsmål og hypotesar om fysisk aktivitet og læring av bevegelse
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid. Det blir lagt opp til to-tre plenumssamlingar i veka, dels med førelesing og dels med studentframlegging. Studentane får framleggings- og innleveringsoppgåver gjennom emnet som skal stimulere til studentaktiv læring. Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har tre arbeidskrav:
(1) Aktiv deltaking på obligatoriske seminar der studentane legg fram og drøftar fagartiklar, arbeider i testlaboratorium eller sal og fungerer som fagfelle på medstudenttekst
(2) Ei individuelt skriftleg innlevering over sjølvvalt og godkjent problemstilling (8-10 sider)
(3) Ein presentasjon i gruppe over eit oppgitt tema (20 min. presentasjon med diskusjon etterpå)
Vurderingsform
Heimeeksamen: Individuell skriftleg eksamen. Tid: 14 dagar
Arbeidet vert vurdert med gradert karakter A-F.